Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalsdagen – laurdag 3. juli

Todalsdagen – laurdag 3. juli

Jon Olav Ørsal Sundag 27. juni 2010

MERK: Dei første kampane startar 09.30, ikke 09.00 som tidlegare annonsert. Her finn du kampprogram.

Laurdag 3. juli er det klart for fotballfest på Bordholmen igjen. Da samlast 36 lag med knøttar, miniputtar og lillegutar/lillejenter til fotballcup i Todalen. Det er lag fra Romsdal, Trøndelag og sjølvsagt Normøre som møtes for å ha det artig med fotball gjennom ein heil dag. Langtidsvarslet er i skrivande stund lovande, og yr.no lovar sommartemperatur som ligg midt på tjuetalet, seier cupgeneral Bjørn Hauglann til Todalen.no.

Fotballcupen har avspark kl 9.30 og sidan går det slag i slag gjennom heile dagen, der 36 lag skal kose seg med fotballen og kjempe om å få ballen i målet. Kl 11 opnar årets loppemarknad, der det er stort utvalg i fine lopper, der du kan gjere ein retteleg godhandel. Loppesjefen Borghild Talgø minner alle om at ho og resten av loppegjengen tek imot lopper framover veka, og det er berre å ta kontakt for å avtale levering. Spesielt minner ho om avdelinga for brukte bøker av alle slag. Dette var ein stor suksess på fjorårets loppemarknad.

Det blir også eit gigantisk grillparty, med fleire gode grillrettar av både kjøtt og fisk. Grillgjengen fyrer opp den nye mobile grillen og held han gåande utover heile dagen. Det vil bli uterestaurant og du kan også nytte innerestauranten i det stor partyteltet. Her kan du legge laurdagens familiemiddag på ein enkel og lettvint måte. Elles vil vaffelpressa i kiosken være i full produksjon i kiosken denne dagen.

På tampen av dagen er det trekning i «Superlotteriet». Lynlotteriet har mange fine gevinstar, mellom anna ein Panasonic flatskjerm-TV, Playstation 3 og møblar frå Talgø som hovudgevinstar.

Først publisert: 27. juni 2010, 14:01 - Sist oppdatert: 1. juli 2010, 16:07