Nytt blogginnlegg, frå Oslo-bøgda denne gong.
Da er tida kome for eit nytt blogginnlegg. Sist gongen var det Anikken Talgø som vart utfordra av Birgitte Kallseth som de kanskje hugsar. Og her er resultatet.
Les heile sakaVi fann 9007 artiklar i dette arkivet.
Da er tida kome for eit nytt blogginnlegg. Sist gongen var det Anikken Talgø som vart utfordra av Birgitte Kallseth som de kanskje hugsar. Og her er resultatet.
Les heile sakaTorsdag kveld var første omgang med lagseriestemne etter sommarferien. Det var bra oppmøte, og Frode grønmyr har sendt oss bilde fra aktivitetane på Bordholmen denne kvelden. Han vil at fleire skal nytte høvet til å ta idrettsmerket no, da dei skal ha lagseriestemne kvar torsdag fram til 23. september. Han skriv: «Torsdag starta lagseriestemne opp att etter sommarferien. Denne kvelden var det til saman 13 som deltok. Det blir fire gongar til i år, og siste gong blir 23. september. Da blir det utdeling av premie til alle som har vore med.
Les heile sakaDet blir sagt at alle snakkar om vêret, men at ingen gjer noko med det…! På baksida av eit avisutklipp frå 26. august 1955 som Ragna Kvendset har sendt oss, fann ho ein bit av ein artikken om nokon som hadde tenkt å gjera noko med det. Da var orkanen «Edith» på veg mot land, og sjefen for den amerikanske vêrvarslinga vurderte om han skulle slippe ei atombombe midt i stormsentret som ei muleg løysing.
Les heile saka24. august 2009 blei første innlegg lagt ut på Todalen.no, altså for eit år sidan. Her finn du litt informasjon om kor mange saker og besøkande sida har hatt gjennom det første året.
Les heile sakaDei siste dagane har alle i Todalen, Nordvik og Kvanne fått flygeblad med invitasjon til Trollheimsmarsjen i postkassen. Ein liknande PR-aksjon har foregått på Ålvundeidet og Sunndalsøra. På flygebladet finn ein all informasjon om marsjen og opplegget rundt arrangementet. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august frå kl 8.30 til 11 går starten frå Bordholmen i Todalen.
Les heile sakaOnsdagskveld la 4H det første grunnlaget for den nye fritidsklubben som er planlagt på Bordholmen. Som kjent har 4H eit biljardbord som i mange år har stått bortgøymt. I går kveld vart det teke fram og tørka for støv og står nå klart på Bordholmen.
Les heile sakaDet har vore knytta spenning til vêrmeldingane for søndagens Trollheimsmarsj. I skrivande stund ser dette lovande ut, med solgløtt og 14 varmegrader utpå ettermiddagen på nettsida til Meteorologisk institutt. Med søraustleg vindretning på 2-3 meter i sekundet vert det nok bra tilhøve for turen over fjellet. Du kan halde eit auge med vêrmeldingane for Vardan ved å klikke […]
Jon Bruset har vore på tur til Søyådalen, og har sendt oss ein bildeserie og nokre ord om turen. Han skriv: «På austsida av elva kjem ein først til Holtasetra, der dei heldt på med setringa lengst, til 1956. Like ved ligg Klokkargardssetra der setringa vart avslutta i 1946. Lengst inn på vestsida av elva ligg Mosetra der det var setring til 1937. På denne stølen sto også Øyskogsetra, som er oppattbygd som hytte.
Les heile sakaLaurdag 28. august (12.00-16.00) arrangerer Todalen Historielag og Stangvik Historielag familiedag i Svinvika, hos Gunn Tove og Sven Olav Svinvik. Dei kan by på eit variert program denne dagen, og sjølvsagt vert det høve til å ta både store og små lamaer i nærare øyesyn. Jon Bojer Godal vil orientere om byggeskikkar og bruk av tre i hus og båtar. Godal har allsidig erfaring om dette, mellom anna frå tida han var tilsett på Maihaugen.
Les heile sakaPersonen som har vore sakna vart funne på Nordvik. Sjå heimesida til NRK Møre og Romsdal.
Onsdag den 1. september kl 13.00 startar «Eldremiddagen i Todalen» opp etter sommarferien. Kokkar og matrettar vil vera attkjennande og staden er fortsatt Sanitetshuset. Vel møtt til gamle og nye gjester kvar onsdag kl. 13.00 framover hausten, skriv ledar for Eldremiddagen, Martinus Torvik i e-post til Todalen.no
Les heile sakaLaurdag inviterte Surnadal JFF til familiedag på Kårvatn. Aurefiske stod på programmet denne dagen, og med opplegg for grilling ved gapåahuken på Sommarfjøsvollen lågalt til rette for ein vellukka dag. Arrangementet kolliderte imidlertid med Søya Cup som hadde samla alle småtassar i aktuell aldersgruppe til fotballfest, fortel ledar i Kårvatnutvalget Ola Røe. Derfor vart det heller labert oppmøte på familiedagen, men dei som møtte fekk imidlertid full uttelling med juvfiske i Neåa og delvis i øverste delen av Toåa.
Les heile saka