Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julepakkepakking

Julepakkepakking

Elinor Bolme Torsdag 4. november 2010

Onsdag kveld var det ein liten dugnad på julepakkepakking i Sanitetshuset. Todalen Sanitetsforening vil i år sende 4 store sekkar med julepakkar til Estland når Estlandsforeninga reiser nedover på sin årlege førjulstur. Saniteten har som kjendt no i fleire år samla inn kleder og anna høveleg utstyr til denne foreninga med lokal forankring i Rindal.

Kvar enkelt pakke vart behørig merka med både alder og kjønn, slik at rett innhald kom til rett mottakar. Saniteten hadde i forkant motteke 50 heimstrikka sokkar frå Arna Svorken og Ingrid Sæter som skulle gå til dette formålet, inklusive pengar til å kjøpe noko godt å leggje ved. Og dette resulterte dermed i 151 pakkar tilsaman. Men då skal nemnast at nokon av dei enkelte sanitetsdamene også hadde ordna med pakkar.

Her er det Sigrun Ørsal og Marit Kallseth som ivrig gjer sitt for at dei som kanskje ikkje har all verda, kan få noko ekstra til jul.

Publisert: 4. november 2010, 12:00