Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8955 artiklar i dette arkivet.


Larris og Vangsgutane i Nationen

Larris og Vangsgutane i Nationen

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. desember 2010

I dag har Nationen slege opp Vangsgutane som illustrasjon i avisas helgemagasin. Her har dei ein omtale om årets julehefter, og kommenterer Vangsgutane sammen med andre gamle og nye julehefte. Dei skriv om Vangsgutane at årets utgåve er ei fortsetting av juleheftet frå 2006, og som stod på trykk første gong i 1956. Dette er supplert med deler av serien som stod i Nynorsk Vekeblad i krigsåra. Sjå oppslaget i Nationen her.

Les heile saka

Førjulskos med nissegraut.

Førjulskos med nissegraut.

Elinor Bolme Fredag 3. desember 2010

Søndag inviterer Todalen Sanitetsforening alle som har lyst til førjulstreff i Sanitetshuset. Dette er ein årleg tradisjon, der dei ungane som er fødde det inneværande år er spesielt inviterte for å få ein liten gave. I år har saniteten fornya seg litt, og arrangerer eit lite juleverksted attåt. Her vil det bli både klipping, liming og teikning, i tillegg til servering av nissegraut.

Les heile saka

Julegrantenning søndag kl 17

Julegrantenning søndag kl 17

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. desember 2010

Førstkomande søndag kl 17.00 er det julegrantenning. Det foregår ved ICA Todalen, og PT-utvalet som er arrangør lokkar med servering av gløgg og pepparkaker. Dit kjem vel også nissen på besøk, og det blir spanande om han har med seg noko i sekken sin i år også? Ta med godt humør og klær til å […]


Lokale gutter i NEAS-akademiet

Lokale gutter i NEAS-akademiet

Knut Haugen, IL Søya Onsdag 1. desember 2010

Søya/Todalen har med to deltakere med i Neas-akademiets treningsgruppe for spillere født i 1998 (fra hele Nordmøre).
Dette er Henrik Melkild og Steinar Gjeldnes.

Les heile saka

Førjulskos og allsongkveld i Stangvika

Førjulskos og allsongkveld i Stangvika

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. desember 2010

Stangvik Grendalag ønskjer alle hjertlig velkomne til førjulkos, all-song og fest laurdag 4. desember. Da kjem Per Husby saman med møremusikarane Jo Inge Nes, Øystein Sandbukt, Audun Skrogen og Peter Wergeni til Bondehuset. På dagtid blir det støyping av lys og pepparkakebaking for born, servering av kaffe, gløgg og middagsmatsal. Når det lir mot kveld, vil Per Husby & co trå til med allsongkveld. Etter konserten har møremusikarane lova skikkeleg dansemusikk, slik at folk skal få testa dansefoten før jul.

Les heile saka

Kvenndalsboka i sal

Kvenndalsboka i sal

Ole Petter Talgø Onsdag 1. desember 2010

Frå Lars Steinar Ansnes har vi fått melding om at boka «»Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka» no er i sal. Forfattarar er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes. Stangvik Historielag står som utgjevar. Stangvik Historielag arrangerar bokkveld på Stangvik skule tysdag 7. desember.

Les heile saka

Kristine stiller ut hos Elisabeths Atelier i Trondheim.

Kristine stiller ut hos Elisabeths Atelier i Trondheim.

Elinor Bolme Tysdag 30. november 2010

Kunstnaren Elisabet Aas som innehar Elisabeths Atelier i Trondheim ferier i denne tida 10-års jubileum med juleutstillinga «Hjerterom». Juleutstillinga rommar så mangt, til og med eit bidrag frå Todalen. Kristine Saksen Ulvund har vorte antatt hos Elisabeth Atelier med heile fem bileter. Todalen.no har fått oversendt bileter frå opninga av utstillinga sist laurdag, der vi får eit innblikk i alt det fine som er å oppleva der. Her er både dansk keramikk, måleri og forskjellig glasskunst.

Les heile saka

Kulturkalender i post og på nett

Kulturkalender i post og på nett

Elinor Bolme Tysdag 30. november 2010

Dei aller fleste husstandar fekk kanskje kulturkalenderen for desember i posten i dag. Men todalen.no brukar å få ein henvendelse frå Karstein Telstad på Kulturhuset om vi ikkje vil vera så snille å leggja han ut på nettstaden vår og. Det gjer vi lell om hverken Kulturhus eller kommune er medlemmer hos oss, då vi reknar det som informasjon som kjem alle todalingar til gode.

Les heile saka

Siste nytt fra Il Søya

Siste nytt fra Il Søya

Elinor Bolme Måndag 29. november 2010

Fra nettsidene til Søya  kan vi oppdateres blandt annet om nytt fotballstyre og å lese om «Prosjekt tilhørighet» der det er mulig å støtte Idrettslaget ved kjøp/bruk av sesongkort på MFK sine hjemmekamper.

Les heile saka

Siste nytt fra hovedstaden

Siste nytt fra hovedstaden

Elinor Bolme Måndag 29. november 2010

Da er nok et kjærkommet bidrag til bloggen vår ankommet redaksjonen, og denne gangen går turen til Oslo og blant annet Den Norske opera.

Les heile saka

På salgsturné med «Jul på Nordmøre»

På salgsturné med «Jul på Nordmøre»

Jon Olav Ørsal Måndag 29. november 2010

I kveld banka det på ytterdøra, og utafor sto det to salgsrepresentantar. Ola og Eivind Bolme var ute på salgsturné med julehefte. Ola hadde ein bærepose med nokre «Jul på Nordmøre» i og Eivind hadde ein plastpose med pengar. Og dei fortalte at det var mykje godt lesestoff i heftet, og at prisen var kr […]


Lysmesse

Lysmesse

Elinor Bolme Sundag 28. november 2010

I ettermiddag var det lysmesse i Todalen Kyrkje. Her var det ungdomane som skal konfirmerast no til våren som sto for deler av programmet. Dei både las og tende lys denne fyrste søndagen i advent.

Les heile saka