Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9142 artiklar i dette arkivet.


Fine forhold for skogsdrift no

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

På flat mark er det nok rundt 50 cm tele no, og det er nok perfekte forhold for å drive med skogsdrift.  Solli Skog er i full gang med skogsdrift for Talgø Gard, der Anita Talgø er grunneigar. 


Tekniske problem på rute 1061 Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  På grunn av teknisk feil var turen fra Kvanne kl 06:00 innstilt.  Frå kl 6.15 er det imidlertid normal drift igjen  på sambandet, melder Fjord1


Kløvertur i nydeleg vinterver

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. november 2023

Siste kløverturen i 2023 gjekk i Toåa tursti i nydeleg vinterver; – minus ti grader, skyfri himmel og snødekt mark.


Fintenkjarkveld med nogo attåt i Myrvang

Jon Olav Ørsal Måndag 27. november 2023

Tysdag 5. desember kl. 19 inviterar Stangvik Historielag til fintenkjarkveld i Myrvang. Her skal den ferske boka til Lars Steinar Ansnes, «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen», presenterast. I tillegg blir det ein del anna triveleg program.


Det er enno tid for å kjøpe julekalendere – og til å levere gevinstar

Jon Olav Ørsal Måndag 27. november 2023

Torsdag 30. november er det «deadline» både for å kjøpe julekalendere og for å være med og bidra med lokale og kortreiste gevinstar til årets julekalender.  På biletet på framsida kan du sjå eksempel på gevinstar som alt er komne inn til Trimgruppa, og det er klart at det blir trekt fleire gevinstar kvar dag.



Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. november 2023

Kløvertursesongen blir avslutta med tur i Toåa tursti måndag 27. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Årets siste Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. november 2023

Siste laurdagen i november var det siste Fredrikkekaffeen i 2023 i Sanitetshuset.


Julekalender – salet går strykande

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. november 2023

Laurdag er det sal av TIL trimgruppas julekalender på Matkroken Todalen.  Torill og Sissel rapporterer at salet går strykande, og «alle » som er innom kjøper kalendere.  Og det blir da litt av eit lotteri, for det er alt kome inn masse gevinstar, som sikrar at det blir fleire gevinstar som blir trekt ut kvar dag frå 1. desember og til julaftan 24. desember når hovudgevinsten blir trekt. 


Øyabrua – skiltinga gjeld framleis

Jon Olav Ørsal Fredag 24. november 2023

Todalen Mjølk, som er ansvarleg for brøyting i Pilskarvegen,  melder att kantsteinane som markerer maksimumsbredde på kjørty som skal passere brua er flytta på grunn av brøytinga.  Dei poengterer at skiltinga med maksimal bredde og maksimal totalvekt gjeld framleis.  


Brøytesesongen i gang

Jon Olav Ørsal Fredag 24. november 2023

Plutseleg er brøytesesongen i gang – ein forsmak fikk vi torsdag, men i løpet av natt til fredag så kom det 10-15 cm tung og blaut snø.  Dermed var det full fart på traktorane til Todalen Mjølk, so har brøytinga både på fylkelsvegane, kommunale vegar og mange private vegar. 


Fredrikkekaffe – siste gong før jul

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. november 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe laurdag 25. november i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!