Årsmøte – Søya og Todalen skytterlag
Søya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet hos HammerStuene på Surnadalsøra tysdag 26. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.
Vi fann 9173 artiklar i dette arkivet.
Søya og Todalen skytterlag minner om årsmøtet hos HammerStuene på Surnadalsøra tysdag 26. november kl 19.00. På saklista står vanlege årsmøtesaker, står det i ei melding frå styret.
Måndag starta demonteringa av den provisoriske fergekaia i Todalen. Den vart etablert i begynnelsen av august i år, ei vekes tid etter at raset ødela fylkesveg 671 inn til Todalen. Den gjorde så tjeneste til begynnelsen av september, da vegen vart opna for kollonnekjøring.
Svorka Aksess er no i ferd med å nå Todalen med fiberkabel. Den siste tida har det vore kabelstrekkjing innover stranda og dei er no komne til Kvennset. Det er i første omgang ei stamlinje opp til Bruset/Todalshytta, med ei grein nedover til Todalsøra.
Laurdag og søndag var det julemesse med heile 54 utstillarar og god julestemning i Rindalshuset. Det var stor breidde i sortimentet som vart tilbydd under messa. Sjølvsagt var mykje av varene knytt til jul og julefeiring, både som pynt og nyttige ting, men også mange slag bakverk og anna tradisjonsmat.
Fredag og laurdag har stått i nærbutikkens tegn i Todalen. Dei to dagane har det vore kampanje for å «Handle heime», eller rettare sagt å bruke nærbutikken der du bor. Dette har skapt unormal stor aktivitet i kaffekroken, der direktøren sjølv har servert kaffe og smultringar fredag og bakels med graut som tilbehør til kaffen på laurdag. Johansen bakeri sørga for nykoka smultringar på fredag og Karen Johanne Talgø var innhyra til grautkoking og bakelssteiking på laurdag. Dette vart suksess, fortel Terje Nordvik som sjølv har vore servitør.
IL Søya minner om den årlige Søya basaren som arrangeres i Myrvang i morgen frå klokka 17.30. Her blir det stort basarbord, åresalg, luftgeværskyting og ikkje minst utdeling av deltakarpremiar for aldersbestemt fotball.
Matkroken L.Hals har «Handle heime»-aksjon denne veka. I det høvet har 1.-4. klasse ved Todalen oppvekstsenter teke turen for å sjå på butikken. Etterpå har dei sendt oss mange bilder og litt tekst som e-post: Dei skriv: » I dag fòr vi til butikken for å vise at vi er glad i butikken vår. Butikken heiter Matkroken. Vi tok med teikningar. Vi gav teikningane til Terje. Vi fekk smultringar og brus. 1. og 2. klassen teikna frukt og grønsaker som låg i hyllene. 3. og 4. klassen fann prisane på brød, smør og pålegg. Vi tok bilete saman med butikksjef Terje og kassadama Marit. Vi er glad i butikken fordi:
Les heile sakaDenne veka trør kommunal- og regionaldepartementet igang ein aksjon for nærbutikkane. Gjennom Merkurprogrammet kjører dei i gang tiltak for at folk skal ta helgehandelen heime – der dei bur. Aksjonen går over heile landet, men er spesielt mynta på bygder og grender som slit med folketalet og har problem med å bevare butikken og skulen sin. Matkroken L. Hals er ein slik «sistebutikk», og dei er med på denne aksjonen, fortel Terje Nordvik til Todalen.no.
Les heile sakaVår omtale av Hallarampen for ei tid tilbake, gjorde at den vart rikskjendis. Innvielsen vart behørig omtal i P4-programmet Misjonen sist fredag 1. november. Har du lyst til å høre omtalen er det berre å klikke på linken til P4 og spole fram til 38:00, så kjem du direkte inn i programmet.
Les heile sakaHaustfesta markerer sesongslutt for 4H-arbeidet. Da er det tid for å skrive rapport etter at oppgåvene som medlemane har valt er gjorde ferdig, og på haustfesta må det lagast utstilling og leggjast fram rapporten. Det var i år 11 deltakarar som har fullført oppgåva, og det var imponerande å sjå kor mykje arbeid som den enkelte medlem hadde lagt i oppgåvene og utstillingane. Det var eit stort utval i oppgåver, og medan nokre hadde eigne oppgåver hadde andre valt å samarbeide om oppgåvene.
Les heile sakaPå heimtur fra kaffebesøk hos naboen oppdaga eg skummelt besøk ved redaksjonslokala. Tenkte først på ransbølga i Oslobøgda, men oppdaga fort at dei var meir troskyldinge og vennlegsinna enn som så. Klarte iallfall med litt sjokolade å opprette ein god kommunikasjon med gjengen, sjølv om dei så skumle ut i førstninga. Klarte også å overtale gjengen til å bli med på fotografering, slik at eg fikk sikra meg bevis med eit bilete.
Les heile sakaPå denne årstida er det nok stor aktivitet på mange «nisseverksted» rundt i distriktet. I Moa-fjøset er det ikkje noko unntak, for der er Magne Søyset i full gang med sine tresløydprodukt. No er han i innspurten, for alt neste helg (8. og 9. november) er han på plass på julemessa i Rindalshuset for å by fram sine produkt, saman med mange likesinna.
Les heile saka