Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julestemning i Rindalshuset

Jon Olav Ørsal Måndag 11. november 2013

Laurdag og søndag var det julemesse med heile 54 utstillarar og god julestemning i Rindalshuset. Det var stor breidde i sortimentet som vart tilbydd under messa. Sjølvsagt var mykje av varene knytt til jul og julefeiring, både som pynt og nyttige ting, men også mange slag bakverk og anna tradisjonsmat.

Fine og forseggjorte ting prega produktutvalet, og det er eit godt bevis på at det er mykje husflid av topp kvalitet som blir utført rundt omkring i heimane i distriktet. Det gjeld både handarbeid, tresløyd, kunstverk og ikkje minst mykje god tradisjonsmat. Trefte også på fleire todalingar som var det for å tilby sine produkt.

Vi har laga ein bildeserie fru julemessa i Rindalshuset.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. november 2013, 06:00