Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9147 artiklar i dette arkivet.


Open dag på Krigsminnemuseet på Åsen

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. oktober 2024

Vi må ikkje la krigsminna gå i gløymeboka, men tvert i mot passe på å ta vare på dei minna vi har – spesielt etter 2. verdskrig som tok slutt for snart 80 år sia.   Krigshandlingane i Gaza og i Libanon og ikkje minst i Ukraina viser oss kor skjør freden er, og kor snart gjort det er å fyre opp igjen.


Tusen, tusen takk for stor støtte!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 16. oktober 2024

Basarsøg og god stemning i Sanitetshuset onsdagskvelden 16. oktober! I alt kom det inn ca. 40 000 kroner på årets basar! Todalen sanitetsforening helsar tusen, tusen takk til alle som har støtta basaren med loddkjøp og gevinstar. Både leiar, kasserar, styret og medlemmene er overvelda over den store givargleda.


Kløverturar i oktober: Toåa tursti og Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. oktober 2024

Oktober starta med hustre ver; gråkalde dagar og regn, men og solgløtt. Folk som er ute på tur blir lett litt opptekne av veret, sjølv om det heiter: «Det fins ikke dårlig vær, bare dårlige klær!»


Basar i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. oktober 2024

Todalen sanitetsforening arrangerer basar onsdag 16. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.


Kløvertur til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. oktober 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!



Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 10. oktober 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 12. oktober i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. oktober 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur i Toåa tursti måndag 7. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Kløverturar i september

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. september 2024

Sanitetsforeninga har arrangert fire kløverturar i september; tre innafor Kammen og ei utflukt til Surnadalseidet og Kavlvegen.


Songkveld i Todalskyrkja

Innsendt av Bernt Bøe Måndag 30. september 2024

Med allsongen i sentrum og forsamlinga som hovudaktør inviterer koret P17 onsdag til «Kyrkjesongkveld» i Todalen.  – Salmeboka er vår rikaste skatt av poesi og melodiar mellom to permar, seier korleiar Bernt Bøe. – Og snakk om breidde: Her svingar det frå bedehus til tempel, frå tango til hymner!


Kløvertur frå Todalsøra til Ansneset

Dordi Jorunn Halle Sundag 29. september 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til køvertur måndag 30. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Ein gledens dag – klatrarar henta ned Natiri

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. september 2024

Det er no temmeleg nøyaktig 4 veker sia Natiri kom bort under ein fjelltur.  Eigar Anders Mo seier at det i dag er ein gledens dag, når Natiri i dag vart henta ned frå Blåfjellet. Det har vore dårleg vêr i fjellet – regelrett snøfokk – men det hindra ikkje klatrarane i å kome opp til funnstaden, sjølv om det var ulendt.