Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Handlekveld vart årets happening

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. november 2024

Handlekvelden på Byggmakker og Hageland kan nok trygt få betegnelsen årets happening på Syltøran.  Det var tilstrøyming av kundar både frå fjern og nær, og det var til tider vanskeleg å finne parkeringsplass framfor butikkane.  Men dei store butikkane klarte å svelge unna, sjølv om det innimellom vart kø på enkelte plassar. 

Det er skikkeleg julestemning i butikken på Hageland Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

Men sjølv om det var mykje folk så og det kunne bli litt kø så såg det ut til at folk kosa seg og hadde god tid på handlerunden. Sjølvsagt var det traktering med både marsipankake og bakels & graut til kaffen.  

Bakelspressa gikk for fullt – Nataliia Vietlina og Gudny Grytskog sørga for traktering med nystekte bakels. Foto jon Olav Ørsal

Å arrangere handlekveld har vorte tradisjon på Byggmakker og Hageland – med langope og tid til å sjå seg rundt i butikken. Nytt av året er det at Hageland har invitert med lokale «torghandlarar» som nærast danna ei torggate i gjennomgangen frå Hageland til Byggmakker.  Det så ut til å gjera susen, og det var ofte kø for å handle med dei.  

På Byggmakker var det mange gode juletilbud og mange leverandører som deltok. Foto jon Olav Ørsal

Nye opningstider på Hageland Surnadal frå 1. desember
Før jul blir det nye opningstider – og søndagsopen butikk:
Måndag – fredag    10 – 18
Laurdag                   10 – 16
Søndag                     12 – 17
Julaftan                   10 – 12

Vi har laga eit lite bildegalleri frå «torggata» – her treffer du sikkert kjentfolk! Alle foto Jon Olav Ørsal

Talgø – Hageland Surnadal – Byggmakker Surnadal er medlem i Todalen.no

Publisert: 27. november 2024, 08:00