Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9113 artiklar i dette arkivet.


Snart startar nytt jegerprøvekurs

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. februar 2018

Surnadal Jeger og Fiskerforening startar opp med nytt jegerprøvekurs måndag 5.mars 2018 kl. 18.00. Kurset vil foregå på Surnadal vidaregåande skule og blir gjennomført over 9 samlingar som også inkluderer helg.


Todalen idrettslag – kunngjering av årsmøte for 2018

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. februar 2018

Årsmøte i Todalen Idrettslag blir halde i Todalen Ungdomshus torsdag 15. mars 2018 kl. 19:00, melder styret i laget. Den fullstendige saklista for årsmøtet er ikkje klar enno, men det blir vanlege årsmøtesaker og eventuelt innkomne saker. – Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå seinast 8.mars. Innkomne saker må vera meldt til styret innan 1.mars.


Djup tele hindrar ferdiggjering av nyvegen i Falla

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. februar 2018

Det er over halvmeteren med tele i vegbanen i Falla. Dette hindrar arbeidet med å ferdigstille vegarbeidet forbi Kufalla. Men no er arbeidet såpass ferdig, at det er opna for trafikk etter nyvegen på kveld og helg, når det ikkje er arbeid på anleggsstaden. men den trafikken går på eige ansvar, og med stor forsiktigheit.


De glade trubadurer ble månadens bilete

Mari B. Redalen Onsdag 7. februar 2018

Med 73 av 206 stemmar stakk dei glade trubadurar av med sigeren, og årets første premie. Gratulerer til Stig Husby. Vi har nye premiar av året, og gleder oss til å dela ut desse til dugelege fotografar.


Godt årsmøte i Sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Onsdag 7. februar 2018

Tysdag 6. februar var 19 medlemmer samla til årsmøte i Todalen sanitetsforening. Etter god, gammel tradisjon starta møtet med kvikk allsong; denne kvelden var det tid for nasjonalsong da det var samenes nasjonaldag.


Næringslivsdagen er meir aktuell enn nokon gong

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. februar 2018

I år er det 15. gong at Surnadal sparebank dreg i gang sin næringslivsdag. Jamt og trutt har talet på deltakarar auka på, og i år er det alt påmeldt 160 deltakarar – tre veker før næringslivsdagen blir arrangert tysdag 27 februar. I år bys det på eit interessant knippe foredragshaldarar, med Therese Johaug i spissen, og med Bente Krangnes Edvardsen som ny konferansier så ligg det an til ny suksess.


Månadens bilete for januar

Mari B. Redalen Sundag 4. februar 2018

Då har vi allereie gjort oss ferdig med januar og skal kåra årets første vinnar bilete.


Prøver med sjakk igjen – no må du møte og vise interesse

Jon Olav Ørsal Onsdag 31. januar 2018

Anders Talgø og Terje Nordvik er initiativtakarar for å kome i gang att med sjakk på søndagskveldar. Det var gjort eit forsøk før jul, men da var det midt i førebuingane til jul og laber interesse. Komande søndagskveld kl 19:30 blir det gjort ein nytt forsøk – da må du som er interessert i sjakk måte opp dersom det skal bli noko meir.


Kvennsetøran – Fylles opp med masse frå Falla

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. januar 2018

Uttaket av masse i samband med utbetringa av vegen i Falla gir mykje overskotsmasse som kjem til nytte på fleire frontar. I fleire veker er det køyrt steinmasse til Nordvik, og denne veka blir det fylt opp på Kvennsetøran, like ved Talgøfabrikken. Det er mellom 1- og 2.000 m3 som skal fraktes hit, fortel Inge Skogheim, som er prosjektleiar for arbeidet.


Innkalling til årsmøte i Surnadal Golfklubb

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. januar 2018

Surnadal Golfklubb kaller inn til årsmøte på Thon hotell Vårsøg, mandag 26. februar kl 19:30. Vanlige årsmøtesaker – bla videre for å lese mer…


Årsmøte i Surnadal Arbeiderparti

Jon Olav Ørsal Måndag 29. januar 2018

Styret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn til årsmøte tysdag 20. februar kl 20:00.  Det skjer på Kantina på Surnadal sjukeheim, og på agendaen står vanlege årsmøtesaker og enkel servering.  Alle er velkomne til årsmøtet, melder styret.  


Varm velkomst til nypresten i Todalen

Dordi Jorunn Halle Sundag 28. januar 2018

Søndag vart prest Kristin Strand ønskt varmt velkomen av kyrkjelyden i Todalen. «Det er trygt og godt at vi no har fått fast prest i soknet vårt,» sa leiaren i soknerådet Britt Mossing da ho ønskte Kristin Strand velkomen.