Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skytetrening på den gamle jaktskytebanen…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. april 2018

No kjem den gamle jaktskytebanen i Dalavegen til heider og verdigheit igjen. Vi meiner banen der det i gamle dagar foregikk oppskyting til jakta, bortafor «Ytter brua» oppi Dalavegen. Det er den nystarta klubben Trollheimen Sportsskyttere som skal ha skytetrening der den 2. mai, fortel leiar i klubben Anders A. Karlsen til Todalen.no

Det skjer altså onsdag kveld 2. mai frå kl 18 og utover.  Den nystarta klubben har 14- 15 medlemar frå både Rindal, Surnadal og Todalen i dag, og er altså heilt i startfasen. Trollheimen Sportsskyttere er en dynamisk sportsskyttarklubb, og det kan bli skyting både med pistol, rifle og hagle, fortel Anders.

Anders A. Karlsen er aktiv skyttar, og er no leiar i den nystarta klubben. Foto: Lediard Foto AS

Som sagt er klubben enno i den spede start, men dei vil etter kvart gå breiare ut for å få med fleire medlemar og fleire til å dyrke denne sporten. 

 

 

Publisert: 22. april 2018, 13:17