Sanitetshuset med nyoppussa møterom – klart for utleie igjen
No pågår siste innspurt med oppussing av Saniteetshuset på Kvennset. Handtverkarane er ferdige med jobben og no er det prosjektkomiteen sjølv som tek ein finpuss med å henge opp bilder og lamper. Strikkekaffen har samla inn litt penger på loddsalg som gå til litt ekstra «sters» for å sette prikken over i’en. No snakkar vi om møterommet i Sanitetshuset som har fått ein skikkeleg facelift dei siste månadene. Det er Ted & Co som har gjord mesteparten av jobben med målararbeid og legging av nytt golv i møterommet og i gangen.