Varmebølge – godt å kjøle seg ned
Natt til onsdag var det ikkje langt unna at vi hadde tropenatt i Todalen, men sjølv om denne sjansen glapp i natt så blir det fleire. For varmen vil vedvare til over helga, og først tysdag og onsdag i neste veke vil vindretninga dreie på nordvest og gi litt nedbør og kaldere vêr. I dag har vi sett trettitalet på gradstokken og det vil vi nok få sjå dei neste dagane og.