Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Per Vattøy med siste dag på jobb for TINE; avslutta i Todalen.

Dordi Jorunn Halle Tysdag 29. oktober 2019

Laurdag fylte Per Vattøy 67 år, og tysdag 29. oktober hadde Per siste arbeidsdagen sin som sjåfør for TINE. Han avslutta yrkeskarrieren sin i Matkroken i Todalen, der Terje N serverte gode kaker og kaffe. Rune Jonsdal frå TINE i Trondheim var med på siste turen til Per. Han skal ta over ruta til Per, men berre midlertidig.

Per Vattøy har vore yrkessjåfør i nesten 50 år, den meste av tida for landbrukssamvirkebedrifter. På spørsmål om kor mange mil han har kjørt, så kunne han fortelje at han har rekna litt på det, så i alt har det vorte bortimot like mange mil som knapt 100 turar rundt jorda ved Ekvator! Imponerande! Og han har vore ein trufast arbeidskar – berre to sjukmeldingsdagar gjennom alle desse åra og mila! Det kunne også Rune Jonsdal bekrefte: «Det er kjekt med slike stabile sjåførar for oss i TINE.» Vattøy på si side poengterte at TINE har gode seniorordningar slik at det er lettare å stå lenge i jobb, og at han også har vore heldig med god helse.

Per Vattøy trillar ut siste vogna med mjølk frå TINE-bilen! Foto: Terje N

Per Vattøy starta som 16-åring hos Martin Botten og laga plastrøyr. Men interessa for bil og kjøring var stor, og han vart tilsett hos Aslak Sæther og kjørte for han nokre år. «Det var ei artig tid! Det var så kjekt å kjøre i lag med Aslak,» minnest Per. Dei første åra kjørte dei nemleg i lag, etter kvart med kvar sin bil. Dei frakta kjøt, ofte frå slakteriet i Surnadal, til skjereanlegg i heile landet. Når det vart for lite kjøttransport, kjørte dei fisk for Sties Termo-Transport. «Dette var gullalderen for langtransportkjøring», hugsar Per.

Frå venstre Rune Jonsdal – han skal kjøre mjølkeruta til Rindal og Surnadal framover. Per Vattøy – siste dag på jobb. Trygve Halle – han har vore mjølkebonde om trent like lenge som Per har vore sjåfør, og handelsmann Terje Nordvik. Foto: Dordi J H

Frå 1980 til 1996 var Vattøy tilsett i Gilde distribusjon i Bøndenes Salgslag Trondheim. Frå 1996 og fram til i dag har TINE vore arbeidsgjevar, og oppdraget har vore ferskvaretransport; dei første åra var det varer både frå TINE, GILDE, PRIOR og Gartnerhallen, medan dei siste åra vart det stort sett transport av ulike mjølkeprodukt frå TINE.

Per Vattøy er heldigvis eit A-menneske, han har nemleg starta arbeidsdagen kl. 03:30 for å vere klar til opplasting av varer på Tunga i Trondheim klokka seks. Deretter var det å kjøre ned til Rindal, vidare til Surnadal, så enten over Nordmarka til Bæverfjord og Bøfjorden eller innover til Todalen – 25 kundar dei siste åra. Etter at kommunen slutta å handle med TINE, vart det færre kundar og stopp. Det synest Vattøy er litt trist, da det var så kjekt å levere mjølk til skular, barnehagar og eldreinstitusjonar.

Per Vattøy har ikkje vore i alvorlege trafikkuhell i alle desse sjåføråra – det er han riktig glad for! Han klagar heller ikkje på Vegvesenet – fornøgd både med brøyting og strøing.

Vattøy og Jonsdal er klare for å ta siste turen i lag inn til Skei. Mottoet til sjåførane i TINE står på døra: «JEG KJØRER MED STOLTHET OG GLEDE – PÅ VEI TIL DEG – . Foto: Dordi J H

No er altså Per pensjonist, litt vemodig, men han gler seg til dagar der han kan bestemme dagens gjeremål sjølv. Men han blir ikkje sitjande i ro framfor TV’n, han likar å vere aktiv og har mange interesser. Å snekre er kjekt, synest han, likar opp-pussing og restaurering. Han har familie og åtte barnebarn i Surnadal, og alt første pensjonistdagen skal han hjelpe svigersonen i Setra Drift og kjøre ut varer, men da med mindre bil – varebil. Og så blir det kanskje ein og annan turen til Syden, i alle fall trur Terje N det!

Under kaffelaget vart det sjølvsagt diskusjon om fotball, Per Vattøy heiar på Molde medan Rune Jonsdal som tek over bilen, er ihuga RBK-fan. Ei stund låg det an til at Per ikkje fekk bli med i mjølkebilen tilbake til Skei; «Du får vente på bussen halv fire!» slo nysjåføren Rune fast!

Takk for godt samarbeid og vel utført arbeid! Foto: Dordi J H

Per Vattøy er nesten «skåptodaling» – han har trivdes godt med pausar i kaffekroken på Hals. Han har vorte godt kjent med mange trivelege todalingar, og det vore mange artige diskusjonar i Kaffekroken – ofte dagens høgdepunkt! Han kjem nok tilbake på besøk!

Og alle dei tilsette på bua har sett stor pris på samarbeidet med Per, han fekk både takk, klem og kake!

Vi ønsker Per Vattøy lykke til med livet som pensjonist!

Terje N serverte gode kaker og kaffe! Foto: Terje N

 

 

 

Publisert: 29. oktober 2019, 20:10