Sindre gjorde det godt i Nordvestmeisterskapen i Taekwon-do
I helga har det vore Nordvestmeisterskap i Taekwon-do i Molde. Her deltok det mange frå Taekwon-do-klubben i Surnadal, og innsatsen og medaljefangsten vart kjøle bra fortel Kjell Gunnar Polden. Dei kom heim både med gull, sølv og bronse og var godt fornøgde med turen.