Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Trio no Treble» på Kvenna Kunstverksted

Steinar Hasselø Måndag 11. november 2019

Uvanleg konsert i «nytt» lokale laurdag 23. november: «Trio no Treble» er, utradisjonelt nok, ein trio med bratsj, cello og kontrabass, basert i Trondheim! Ein trio utan diskant, berre mørke røyster og djup klang. Kan det bli betre? Trioen består av Lars Marius Hølås (bratsj), Eivind Rossbach Heier (cello) og Jostein Bolås Brødreskift (kontrabass).

Trio no Treble vart stifta sommaren 2017, og har sia oppstarten spelt fleire suksessfulle konsertar i trøndelagsregionen, rundt om i Norge, og i Serbia. Sommaren 2018 var dei på turné med pop-artist Mads Hansen, og spelte på VG-lista i Oslo, Bergen og Trondheim. Framtidige oppdrag er, mellom fleire, ein Nepal-turné, opptreden under Operafestukene i Kristiansund i februar og i Luleå i april.
Medlemmene i Trio no Treble er allsidige musikarar med regelmessige engasjement i til dømes TrondheimSolistene og Trondheim Symfoniorkester. Dei har alle Bachelor- og Mastergrad frå NTNU Institutt for musikk, og dei har hatt studieopphald i Tyskland, Sveits og Sverige.
Det finst lite musikk skrive originalt for deira besetning, så det meste skriv Trio no Treble om og arrangerer sjølv. Dei spelar alt frå Grieg-stykke, Beethoven-symfoniar, og til Bruno Mars.
Det ligg an til ein spennande laurdagskveld på Kvenna Kunstverksted, altså i «gammalbanken» på Kvanne. Arrangør er Surnadal kulturhus, som denne gongen altså tilbyr ei konsertoppleving på bortebane. Men billettsalet på førehand blir gjort heimafrå, både på nett, automat og i resepsjonen på kulturhuset.

Først publisert: 11. november 2019, 07:00 - Sist oppdatert: 10. november 2019, 23:30