Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9162 artiklar i dette arkivet.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. oktober 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 12. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Datoar for influensavaksinering hausten 2020

Dordi Jorunn Halle Tysdag 6. oktober 2020

Informasjon frå Surnadal kommune:

Årets influensavaksinering vil foregå i Surnadal idrettshall 27.- 29. oktober. Vaksineringsdagane er delt inn slik at folk frå ulike grender møter opp på ulike dagar. 


Stor takk til alle som støtta VIPPS-basaren vår!

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. oktober 2020

Todalen sanitetsforening takkar for stor givarglede og god støtte i samband med VIPPSBASAREN. «Vi er både audmjuke og takknemlege for den gode oppslutninga om haustbasaren vår,» seier leiar Maren Ansnes.


Mange med på Kløvertur.

Dordi Jorunn Halle Måndag 5. oktober 2020

Første måndagen i oktober kom med godt ver, og ein skokk med ivrige turgåarar møttest ved Halsbua for å gå Kløvertur. Dette viser at Toåa tursti er eit populært turmål, og at denne turruta høver for alle.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 4. oktober 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 5. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Lokale godbitar endeleg å finne på Hals!

Guro Redalen Tysdag 29. september 2020

Ein god grunn til å svinge innom Hals-bua dei næraste dagane er at Todalen Meieri no for første gong har varer til sals i butikken. Det er tre typar yoghurt: naturell, søt og tyttebær. Ellers er det ferskost naturell og ferskostkuler i krydderolje.   -Vi håpar det blir teke godt i mot, og at bygdafolk og […]


Kløvertur i retteleg fint haustver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. september 2020

Siste måndagen i september gjekk Kløverturgjengen frå Innerdalsmerket til Kårvatn. Sola skein, det var varmt og godt; meir som ein sommardag og herleg turver!


Kløvertur til Kårvatn

Dordi Jorunn Halle Sundag 27. september 2020

Todalen sanitetsforening inviterer måndag 28. september til Kløvertur. Turen går frå Innerdalsmerket til Kårvatn og vidare inn til Sagstuå. Start frå Matkroken kl. 11:00 og frå Innerdalsmerket ca. 11.15. Alle er velkomne til å blimed ut på tur!


Todalen sanitetsforening med «VIPPSBASAR»

Dordi Jorunn Halle Torsdag 24. september 2020

Kvar haust  bruker Sanitetsforeninga å arrangere basar i Sanitetshuset. Men på grunn av koronapandemien og smittevernreglar, blir det ikkje tradisjonell basar i år. Det blir «VIPPSBASAR».

Opplegget blir slik:


Vindøldalen

Stavgang til Vindøldalen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. september 2020

Stavgang i Surnadal
Torsdag 24. september står Vindøldalen for tur. Vi kjører til vanlig tid, kl: 11:00,  fra bomstasjonen ved veien.


Kløvertur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Sundag 20. september 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Øyalia måndag 21. september. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ungdomshuset ca. 11.10. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Tur til Syltnebbå

Dordi Jorunn Halle Sundag 20. september 2020

Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag melder:
Tirsdag 22.9. går turen til Syltnebba. Vi møtes på parkeringsplassen ved alpinsenteret kl 1100 og følger veg/sti til toppen. Hugs mat og termos!