Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2022

Vi fann 52 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til grilling og kaffesal i dag klokka 18:00

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. juli 2022

Todalsdagen 2022 vart avlyst kort tid etter start på grunn av dårleg ver. Difor inviterer Todalen Idrettslag alle i Todalen til sal av grillmat, graut og bakels, kaffe og kioskvarer på Bordholmen klokka 18:00 i dag. 


Finvêrstur til Veiholmen

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2022

Skal du besøke Veiholmen, så finns det mesta ikkje finar vêr for ein slik tur enn det var på fredag. Da kunne vi sitte i shorts og t-skjorte oppe på soldekket på ferjeturane til og frå Smøla. Vi starta på turen med 9.15-ferja frå Hensdset og du bør starte såpass tidleg for å nytte av dagen.


Todalsdagen 2022 – Programmet er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. juli 2022

Todalsdagen blir i år arrangert på Bordholmen stadion laurdag 2. juli frå klokka 9:30. I år er det, som vanleg, fotballcup, «Ræta opp», kiosk, grillmatsal og Superlotteri. I år blir det også Todalsmarked, der ein kan få kjøpe lokalproduserte produkt frå lokale produsentar i Todalen. Så her blir det noko, for ein kvar smak, utover heile laurdagen. 


Ingri har fartstid på 46 år – torsdag var siste arbeidsdag

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2022

Torsdag var det tid for å mimre og feire på kantina på Talgø. Det var siste arbeidsdagen for Ingri Bruset, som kunne tre av etter 46 år hos Talgø – først mange år på Talgø Møbelfabrikk og til slutt i selskapet Talgø Invest. Samtidig vart også Hans Bergersen takka av, men han har berre halvparten så lang fartstid og han skal ha siste arbeidsdag 8. august