Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finvêrstur til Veiholmen

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2022

Skal du besøke Veiholmen, så finns det mesta ikkje finar vêr for ein slik tur enn det var på fredag.  Da kunne vi sitte i shorts og t-skjorte oppe på soldekket på ferjeturane til og frå Smøla. Vi starta på turen med 9.15-ferja frå Hensdset og du bør starte såpass tidleg for å nytte av dagen.

På overfarten frå Hendset til Arasvika vart vi overraska med frokostpakke – AP-gruppa i Heim, Aure og Smøla skulle nemleg promotere gratis ferje på sambandet Hendset – Arasvika. Foto Jon Olav Ørsal

På ferjeturen over frå Hendset til Arasvika fikk vi ei overrasking – Ap-politikarane i Aure, Smøla og Heim markerte nemleg første dag med gratis ferje på sambandet Hendset – Arasvika, og delte ut frukost til alle reisande utover føremiddagen. Dei hadde med seg stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen, og fikk da eit gruppebilete med heile gjengen i lag med Kjølmoen.  Seinar på dagen kom visst også Jenny Klinge med ein delegasjon for å markere dagen.  Det er da vel ingen tvil om at dette er god distriktspolitikk, og ferjeturane burde kanskje vore gratis på alle ferjestrekningane som eit tiltak for distriktsnorge.  For brødrene Sætran på Smøla er nok ferjebilletter ein dryg post i budsjettet i tillegg til at ferjeturane tek mykje tid. 

Fikk da eit gruppebilete frå «stuntet» til politikarane – med Kjølmoen som maskot. Foto Jon Olav Ørsal

Nok om det – turen gikk iallfall vidare rundt yttersida på med ein kafferast på Villsaubutikken og vidare via Dyrnes til Hopen – og «utover havet» til Veiholmen.  Veiholmen er ein fantastisk flott plass, og vi parkerte bilen for å ta ein rundtur til fots.  Det er eit flott, maritimt miljø, og tidlegare var det nok fisken som skaffa levebrødet – i dag er det nok turismen som bidreg mest.  På Veiholmen er det fleire spisestader og haer er det nok naturleg å velje ein fiskerett på menykartet. 

Norsk Myrmuseum – absolutt verdt å ta turen innom – midt på Smøla. Foto Jon Olav Ørsal

På turen heimover køyrte vi rett over Smøla og tok turen innom Norsk Myrmuseum som ligg i fjøset på Moldstad forsøksgård – midt på Smøla.  Absolutt verdt å stikke innom, og den som har levd ei stund vil nok kjenne seg att både på den eine og andre måten.   

Les meir om det som skjer på Smøla på denne linken

Vi har laga eit lite bildegalleri frå rundturen på Smøla – sjå om du kjenner deg att?  Alle foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 1. juli 2022, 21:30 - Sist oppdatert: 2. juli 2022, 07:35