Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ingri har fartstid på 46 år – torsdag var siste arbeidsdag

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2022

Torsdag var det tid for å mimre og feire på kantina på Talgø.  Det var siste arbeidsdagen for Ingri Bruset, som kunne tre av etter 46 år hos Talgø – først mange år på Talgø Møbelfabrikk og til slutt i selskapet Talgø Invest.  Samtidig vart også Hans Bergersen takka av, men han har berre halvparten så lang fartstid og han skal ha siste arbeidsdag 8. august.

Ingri har 46 års fartstid hos Talgø – torsdag hadde ho siste arbeidsdagen på Talgøs hovedkontor i Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Heile administrasjonen var samla i kantina i 2. etasje, og det vart traktert med blautkake og kaffe til heile gjengen som møtte opp for å takke av dei to.  Det var mangt å minnast på ein slik dag, og sjølvsagt var det lovord og gode ønsker for pensjonisttida.

Ingrid tykte det var stas at ho har hatt ein så god arbeidsplass gjennom så lang tid, og tykte ho hadde fått lov til å være med på mykje og har fått lært mykje gjennom alle disse åra. – No set ho pris på at ho kan bruke tida til meir lystbetonte tin etter kvart som pensjonisttilvære sig meir innpå. 

Torsdag var det kakelag på kantina for Ingri og Hans, saman med gode kolleger på Talgø. Foto Torill Talgø

Torsdag var det også tid for å mimre – gamle brosjyrer vekte mange gode minner til live igjen. Her viser Ingri ei brusjyre med veggseksjonen som hadde sis storhetstid på 70-talet. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 1. juli 2022, 04:00 - Sist oppdatert: 30. juni 2022, 14:07