Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2020

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Stem på månadens bilete

Mari B. Redalen Onsdag 4. november 2020

Her kjem oktober sine kandidater for månadens bilete. Siden vi no er inne i ei litt dårleg fototid er vi glad om dykk ser i kamerarullen på telefonen eller anna rikhaldig fotoarkiv for å hjelpa oss å ha eit dagens bilete kvar einaste dag.


Start 4H – med digital haustfest

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. november 2020

Laurdag 7.november skulle det ha vore haustfest i Start 4H. På grunn av Koronasituasjonen og at det etter alt å dømme kjem nye smitteverntiltak denne veka, har styret i klubben vedteke å avlyse haustfesta i år. I staden vil kvart medlem få presentert oppgåva si digitalt på Todalen.no. 


Oppsummering av fotballsesongen 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. november 2020

Måndag kveld var det tid for ei oppsummering av fotballsesongen 2020 for laga til Søya/Todalen. Fotballgruppa i I.L. Søya hadde invitert trenarar og lagleiarar til klubbhuset på Søyabanen til eit oppsummeringsmøte for å hauste erfaringar frå årets sesong, og samtidig sjå framover til neste sesong. Sesongen 2020 vart sterkt prega av Koronasittuasjonen, og det er grunn til å tru at denne situasjonen òg vil påverke komande sesong. 


Hans Rotmo og Henning Sommerro – «Vårres Jul» 40 år

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. november 2020

I 2020 er det 40 år sidan Hans Rotmo gav ut plata «Vårres Jul». Rotmo har altså i 40 år gleda det norske folk med sine folkelege juletekster gjennom sitt underfundige univers av rollefigurar. 40-årsjubileet for utgjevinga av «Vårres Jul» blir markert med konsert med Rotmo og Sommerro på Surnadal kulturhus torsdag 19.november klokka 19:00.    


Stikk UT!-sesongen 2020 er slutt – over 2000 registrerte turar i Svinvikrunden!

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. november 2020

Laurdag 31. oktober var siste dagen i Stikk UT!-sommarsesongen, da var det registrert 2015 besøk i Svinvikrunden; 770 fleire turar enn i 2019. I rundturen om Tjønnmyrane er det registrert 1013 besøk; nesten 400 fleire besøk enn i fjor. I Møre og Romsdal er det registrert om lag 850 000 trimturar med over 32 000 deltakarar! Det gjer at årets Stikk UT!-sesong går inn i historia som tidenes rekordår!


10 år med Erik & Kalle til Surnadal laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 1. november 2020

Det har gått 10 år sidan Erik Mogeno kom på 2.plass i Norske Talenter og bestemte seg for å leve av underhaldning. Laurdag 7.november klokka 15:00 kjem han til Surnadal kulturhus med jubileumsframsyninga10 år med Erik & Kalle. Her får vi oppleve Erik sine mest populære buktalarkarakterar som: rotta Geir, strutsen Erna, grinebitaren Kjell og ikkje minst den spydige kaninen Kalle.


Når lauvet det gulnar, og hjorten han kjem…

Jon Olav Ørsal Sundag 1. november 2020

Slik startar jaktvisa som Jon Lunde skrev som «kjenningsmelodi» for Hjortfesta som hadde si storheitstid på 80-talet.  I dag trefte vi eit stort oppbud med jegrar som hadde lunchpause med langbord utafor fjøset i Øya.  Eit lite 20-tal med godt synlege jegrar i grønt og orange var ferdige med det første jaget som hadde gått i Ørsal-lia, og no var det godt med ein matbil og ein kaffedråpe før dei skulle fortsette.  Men aller først på plana stod jobben med slakting av kronhjorten som fall på Kubru-posten ved Haukåa. 


Kløvertur i Nordvikliene

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. november 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 2. november. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Samkjøring utover til Nordvik, personar i same «kohort» kan kjøre i lag. Turen startar frå parkeringsplassen i skogsvegen ovanfor Rabbleet. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!