Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Når lauvet det gulnar, og hjorten han kjem…

Jon Olav Ørsal Sundag 1. november 2020

Slik startar jaktvisa som Jon Lunde skrev som «kjenningsmelodi» for Hjortfesta som hadde si storheitstid på 80-talet.  I dag trefte vi eit stort oppbud med jegrar som hadde lunchpause med langbord utafor fjøset i Øya.  Eit lite 20-tal med godt synlege jegrar i grønt og orange var ferdige med det første jaget som hadde gått i Ørsal-lia, og no var det godt med ein matbil og ein kaffedråpe før dei skulle fortsette.  Men aller først på plana stod jobben med slakting av kronhjorten som fall på Kubru-posten ved Haukåa. 

Yngstemann på laget er nok Anders, som fortalte at dette var ein ekte kronhjort med 12-taggers gevir. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var ein velvaksen 12-takker som gikk ut av tiden av eit velretta skot frå ein av jegrane.  Vi var ikkje tilstades da slaktinga foregjekk, men det var eit flott dyr og vi tippar at han hamna ein plass rundt 120 kg på vekta.  Ståle Ansnes som er jaktsjef kunne fortelje at jaktlaget har mykje igjen av den tildelte kvoten enno – egentleg lite hjort i samanlikning med dei siste åra.  Hittil har laget felt 8-9 hjortar.  i dag var det imidlertid fleire hjortar i jaget, så det er faktisk håp enda – ettersom det er jakttid på hjort fram til 23. desember. 

eit jaktlag med respekt for seg sjølv har sjølvsagt sin eigen logo. Foto: Jon Olav Ørsal

Ein kraftig rugg – kanskje rundt 120 kg i slaktvekt ruvte godt i traktorskuffa. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 1. november 2020, 13:07