Når vi treffer Arve Evensen, er han i gang med å rive ut kjøkeninnreiinga på Todalshytta. Den er gammal som arvesynda, og avslørte seg i sommar da det vart skikkeleg trøkk som restaurantkjøkken. Arve trekker pusten djupt, og fortel om kor tungvint det var å jobbe med matlaging – det ga både lang ventetid for gjestane og stor slitasje på mannskapet. No når roa har senka seg og vi har fått tid til å reflektere over sommarsesongen er det klart at ein ser ting som kunne vore gjort betre og enklare – ein ser både pluss og minus, men det som driv meg vidare er mellom anna alle dei trivelege gjestane og kontaktane som vi har hatt kontakt med.