Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2018

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Fotokurs som ga inspirasjon til deltakarane

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2018

Søndag arrangerte Todalen.no i samarbeid med surnadal fotoklubb eit grunnkurs i fotografering. Kurset var tenkt som eit startkurs, der du kunne få litt grunnleggjande kunnskap om fotografering, og like ein få litt inspirasjon til korleis du kan forbetre fototeknikken og få ein del gode tips for å kunne ta betre bilde.


Byr på vårkonsert i Nordvik forsamlingshus

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2018

Neste onsdag (25. april) får Nordvik forsamlingshus besøk frå Tordenskjold songlag, som byr på vårkonsert. Tordenskjold har spesielt filmsongar på programmet denne kvelden, og lokkar med gratis inngang og sal av kaffe og kaker. Konserten startar kl 19.00


Surnadal alpinsenter rundar av sesongen i helga

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. april 2018

I helga er det siste sjanse for kjøring i Sæterlia denne sesongen, melder Surnadal Alpinsenter. Det er imidlertid fine forhold, og vêrmeldinga på yr.no spår liknande forhold i morgon, slik som det har vore i dag. Heile anlegget er ope både laurdag og søndag  i tidsrommet 11 – 16.  Grip sjansen dersom du har lyst!


Estlandsinnsamling

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. april 2018

Sanitetsforeninga i Todalen arrangerer også denne våren innsamling av klede til folk i aldrar i Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll frå Rindal. Dagen for innsamling er onsdag 18. april frå klokka 16:00 til 19:00.


Opnar omkjøringsvegen i Falla – fare for steinsprang

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2018

Fleire små steinsprang i anleggsområdet i Kufalla har gjort at Surnadal kommune no opnar omkjøringsvegen over Tjønnmyra igjen. Etter kvart som telen forsvinn har vi problem med små steinsprang, seier oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune. Som eit alternativ er vegen no brøyta opp over Tjønnmyra, og det er skilta som ei mulegheit for omkøyring derom.


NM-medaljen glapp, men bra resultat lell

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2018

I dag har Ola Bolme kjempa for plass på pallen i NM-konkurransen i Bilfag- lette kjøretøy. Her var det tøff konkurranse og sjansen til å kome på pallen glapp for Ola, mn det var likevel ei stor oppleving å kome til Hamar for å ta del i landsfinalen. Men i bagasjen har han mange fine opplevingar og mykje framsnakking av flinke ungdommar som velger yrkesretta utdanning frå både arrangørar, fylkesordførar og statsrådar.


Fort gjort med målarbytte – slutt med målaravlesing

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2018

No er det slutt med å lese av straummålaren – etter at den gamle målaren er skifta ut med ein ny og automatisk målar, så ordner netteigaren Svorka Energi dette gjennom elnettet. Og det var jammen fort gjort, for det kom ei kar frå Finland – nærare bestemt frå Wasa, for å utføre dette arbeidet. Og det tok nøyaktig 17 minutt inkludert ein hyggeleg prat om forskjellige tema.


Serverte kjøtt i mørket til gjestane

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2018

I mange år var det «Eldremiddagen» som stod for servering av middag i Sanitetshuset på Kvennset. Den gongen byttes to kokkeleg på matlaging og servering annakvar veke. Etter kvar vart det vanskeleg å få kokkar til å ta på seg dette arbeidet og eldremiddagen var etter kvart lagt ned. Vi i omsorgsgruppa i Todalen sanitetsforening prøver på en måte å fylle noko av tomrommet etter eldremiddagen, og inviterer bygdefolket til middag eit par gong i året, seier Jorunn G. Ørsal som er leiar for omsorgsgruppa. – Men det er først og fremst for å skape litt trivsel at vi held på med dette, seier ho.


Ola kjempar om NM-tittelen

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. april 2018

I dag og i morgen er 320 yrkesfagelevar samla til NM i yrkesfag 2018. Her er et utall av ulike yrkesfagretningar representert, og i blant deltakerne finn vi både todalingar og rindalingar representert.
Ola Bolme går 2. året på Kristiansund vgs og stiller i klassen Bilfag, medan Ole Martin Glåmen som går 2. året på Haram vgs stiller i klassen Kulde og varmepumpeteknikk. Dei ankom i dag Hamar og var på ettermiddag samlet i Hamar kulturhus for den offisielle åpninga av NM ved Hedmark fylkesordfører Arnfinn Nergård.


Vårtelling av hjort i Surnadal kommune

Elinor Bolme Onsdag 11. april 2018

I kveld starta vårtelling av hjort i Surnadal kommune. Det er er viltnemda i kommunen som kvar vår gjennomfører 3 kvelder med telling av hjort på innmark.


Trening i Trudvang

Bitten Ranes Onsdag 11. april 2018

Så nærmer det seg slutten for trening i Trudvang, bare en gang gjenstår. Vi har vært ca 20 stykker som har benyttet dette tilbudet, og alle er godt fornøyd. Håpet er at vi kan etablere en fast ordning parallelt med stavgang.


Siste strikkekafé

Elinor Bolme Tysdag 10. april 2018

Laurdag kl 13 blir vårens siste strikkekafé arrangert i Todalen Sanitetshus. Det er eit åpent arrangement for alle som har lyst til å treffast og ha det kjekt i lag. Med eller utan strikking eller anna handarbeid.