Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fort gjort med målarbytte – slutt med målaravlesing

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2018

No er det slutt med å lese av straummålaren – etter at den gamle målaren er skifta ut med ein ny og automatisk målar, så ordner netteigaren Svorka Energi dette gjennom elnettet. Og det var jammen fort gjort, for det kom ei kar frå Finland – nærare bestemt frå Wasa, for å utføre dette arbeidet. Og det tok nøyaktig 17 minutt inkludert ein hyggeleg prat om forskjellige tema.

Så fort gjekk dette at vi glømte å spørje om namnet, men han var tilsett i eit Valdresfirma og utleid til OneCo Elektro som hadde oppdrag for Svorka.  I løpet av våren skal OneCo skifte rundt 6000 målarar i Svorka-landet som består av Surnadal, Rindal og Halsa kommunar, og det arbeidet skal være ferdig før det blir sommar, fortalte han.

Publisert: 12. april 2018, 16:38