Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NM-medaljen glapp, men bra resultat lell

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2018

I dag har Ola Bolme kjempa for plass på pallen i NM-konkurransen i Bilfag- lette kjøretøy. Her var det tøff konkurranse og sjansen til å kome på pallen glapp for Ola, mn det var likevel ei stor oppleving å kome til Hamar for å ta del i landsfinalen. Men i bagasjen har han mange fine opplevingar og mykje framsnakking av flinke ungdommar som velger yrkesretta utdanning frå både arrangørar, fylkesordførar og statsrådar.

Peptalk for Ola med faglærar Einar Einvik før starten i dag tidleg. Foto: EB

Dagens arena for Ola var på Hamar Katedralskule, og det var lagt opp til 10 ulike oppgaver som skulle løysast på dei 20 minutta han hadde til disposisjon. Når det er NM arrangement så skal det nok være utfordrande oppgåver både med tanke på teknikk, erfaring og ikkje minst tid.  – Godt gjort Ola, sjølv om pallplassen glapp i siste liten!

Men Ola får nok skru mykje bil i tida som kjem – til hausten startar han nemleg som lærling hos Surnadal lastebilveksted, og da blir det nok andre boller.

Her er Ola i gang med oppgåve nr 2 av dei 10 som skulle løysast på 20 minutt

 

Publisert: 12. april 2018, 19:48