Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2016

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


Stem på månadens bilete for august

Ole Petter Talgø Fredag 2. september 2016

Den siste sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august. Det var mykje flotte bilete, så det har vært vanskeleg å krympe lista over kandidatar. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.


Elinor Bolme Fredag 2. september 2016

I går var ein trufast liten gjeng samla til lagseriestemne på Bordholmen. Riktig nok ikkje så mange i talet, men dei som kom fekk prøvd seg på fleire friidrettsøvelsar. Her var både langdehopp, kasting av liten ball og nokre gongar med 60-meter på ei litt sleipt underlag.


Stort loppemarked hos Røde Kors

Elinor Bolme Fredag 2. september 2016

Surnadal Røde Kors arrangerer loppemarked i Røde Kors–huset på Bøvra lørdag 17. september kl. 1200-1600. Inntekten går til Røde Kors sitt arbeid i nærmiljøet.


Tysdag: Føstehjelpskurs på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Fredag 2. september 2016

Førstkomande tysdag, 6. september kl.18.00, blir det føstehjelpskurs på Bordholmen. Det er beredskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som er arrangør, og dei oppfordrar alle brukarar av Bordholmen, samt bygdafolk elles til å bli med på kurset.


Todaling vann Stikk UT!-gåvekort.

Dordi Jorunn Halle Fredag 2. september 2016

Kulturavdelinga melder:

«Britt Mossing vann gåvekortet!

Stikk UT!-vinnar for august er no trekt, og gåvekortet denne månaden går til Britt Mossing frå Todalen


Ridehallen snart på plass….

Jon Olav Ørsal Fredag 2. september 2016

Måndag hadde vi ei sak om første fjøset (les ridehallen) som var produsert på Talgøs elementfabrikk i Todalen. 3 semitraller sette da kursen nordover til Bardu i Troms for å levere seinast torsdag morgon. Transporten gikk etter plana, og entreprenøren Borgen Bygg As kunne starta monteringa av veggelementa straks dei var lossa.


Rundtur om Hallanesset og hengebrua

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. september 2016

Målet for dagens utflukt for Stavganggruppa i pensjonistlaget var Todalshytta. Det var nærast fullparkert på parkeringsplassen, og heile 34 deltakarar la ut på tur frå Todalshytta og innover Ramsøydalan mot Hallanesset. At det regna litt innimellom, gjorde ingen ting for alle sammen var godt kledd for uteliv.


G13 fotballkampen er avlyst

Elinor Bolme Torsdag 1. september 2016

Kveldens fotballkamp mellom G13-laga KUST og Elnesvågen på Bordholmen er avlyst. Derfor blir det nok desverre ikkje høve til å få kjøpt seg ettermiddagskaffe med bakels og græt i dag. Ny kampdag blir oppsett, men dato er ikke klar enno.