Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rundtur om Hallanesset og hengebrua

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. september 2016

Målet for dagens utflukt for Stavganggruppa i pensjonistlaget var Todalshytta. Det var nærast fullparkert på parkeringsplassen, og heile 34 deltakarar la ut på tur frå Todalshytta og innover Ramsøydalan mot Hallanesset.  At det regna litt innimellom, gjorde ingen ting for alle sammen var godt kledd for uteliv.

DSC_4211 - Kopi

Nokre frå turfølgjet på tur gjennom ramsøykeilå. Foto: Jon Olav Ørsal

Deltakarane delte seg i fleire grupper, og for nokre vart Phillipsbrua i Ramøydalan målet, medan andre tok heile rundturen innover til Heggøyann og hengebrua – og tok returen på sørsia av dalen.Etterpa var det samling rundt langbordet framfor Todalshytta eller under svalgangen – da smaka det godt med ein kaffedråppe og litt niste etter trimturen, og ikkje minst var det triveleg med sosialt samvær. Da gjorde også sola litt ekstra stas på oss og spanderte på ein liten solgløtt for vi tok på heimturen.

Bildeglimt fra turen innover til Hallanesset og frå kaffekosen på Todalshytta.   Alle foto. Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

Publisert: 1. september 2016, 14:52