Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todaling vann Stikk UT!-gåvekort.

Dordi Jorunn Halle Fredag 2. september 2016

Kulturavdelinga melder:

«Britt Mossing vann gåvekortet!

Stikk UT!-vinnar for august er no trekt, og gåvekortet denne månaden går til Britt Mossing frå Todalen. Det var ein tur til Knyken som viste seg å få ekstra hyggelege konsekvensar for Britt. Vi gratulerer!

Kulturavdelinga i Surnadal kommune fortsett å trekkje eit gåvekort på 500 kroner blant Stikk UT!-deltakarane i kommunen i enda to månader, altså ut Stikk UT!-sesongen. Alle personar som registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune, er med på trekninga. Vil du bli med på trekninga for september, har du no fire veker med vinnarsjansar framfor deg!»

todalen.no gratulerer Britt og ønsker ho god tur til nye Stikk UT!-postar!

Knyken er 1071 m.o.h., og det er ein lang tur med total stigning på 800 høgdemeter og er gradert med koden raud.

Vil ein ta ein lett Stikk UT!-tur med grøn gardering, kan ein tur til Svorka og Bjorvollen i Bøverdalen vere eit alternativ. Bjorvollen ligg 138 m.o.h. og turen er 5,8 km t/r. Det er god skogsveg heile turen.

IMG_7035

Turen til Bjorvollen går forbi Svorkagardane. Foto: Dordi J H

IMG_7031

Høyløa på Bjorvollen der Stikk UT!-bokkassen er plassert inne i tvillingløa. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 2. september 2016, 10:32