Sommerens store eventyr på Gråhaugen er i gang.
To overnattingsleirer med flotte turer og full innsats på oppgaveløypa siste dag. Mange slitne men fornøyde unger har reist fra Gråhaugen med gode minner, nye mestringer og gode bekjentskaper.
Vi fann 103 artiklar i dette arkivet.
To overnattingsleirer med flotte turer og full innsats på oppgaveløypa siste dag. Mange slitne men fornøyde unger har reist fra Gråhaugen med gode minner, nye mestringer og gode bekjentskaper.
Aldri ein Todalsdag utan at arrangørane kjem på nye sprell. Denne gongen med eit grønt rutenett, to kyr og jubel om kua skit i rett rute. Også kalla kubingo. Høyrest kanskje litt i overkant ut, men det heile er veldig enkelt. Kvart av laga som er påmeldt i knøtt- og minicupen får tildelt kvar si merka rute i ei innhegning ved klubbhuset på Bordholmen. Klokka 11 blir to kyr sleppt inn på «banen» og dei tre første rutene som blir bæsja på vil gå av med enkle lagspremiar.
Arve Evensen har nok aldri hatt napp frå nokon større laks enn Ethelbert på 160 kg. Med fluestonga nappa han bort teppet som skjulte skulpturen og fekk dermed æra av å avduke Ethelbert, som er namnet på den nye lakseskupturen som vart avduka torsdag ettermiddag. Det er Todalen elveeigarlag som har investert i eit skikkeleg ikon for laksefisket i Toåa. Det var Ethelbert Lort Phillips, som også bygde Todalshytta i 1901, som introduserte todalingane for sportsfiske etter laks. Da måtte namnet på lakseskupturen bli Ethelbert.
Det var folksamt på Bordholmen da det var kalla inn til dugnag for å rydde og pynte til Todalsdagen. Med mange hender gikk arbeidet fort unna og neste dugnad som er fredag kveld vil i hovudsak dreie seg om å få på plass og montere utstyret som skal brukast laurdag, under arrangementet. Arti at det er så mange som stiller opp på dugnad, seier leiar i Todalen I.L. Steinar Frøystad.
Det er mange som har lyst til å sjå utstillingane til Talgø på Gammelfabrikken – eller Talgø ustillingssenter – ved Storfossen i Brusetmarka. Til dagleg er det ikkje ope da det er eit utstillingssenter som Talgø bruker når dei har besøk frå kjeder og forhandlarar. Under Todalsdagen, komande laurdag 2. juli , vil Talgø ha ope hus fra 12:00 – 16:00, slik at alle kan kome og sjå utstillingane både ute og inne på utstillingssentret
Det er i år 5. gong at mosjonsløpet Ræta Opp blir arrangert i samband med Todalsdagen. Vi håper på rekorddeltaking på ”jubileumsløpet”, seier Ingvild Kårvatn som er initiativtakar for mosjonsløpet. Det unike med mosjonsløpet Ræta Opp er at inntekta av startkontingenten går uforkorta til ei veldedig sak. I år er det ”Sjukt sprek”-prosjektet i Trondheim […]
Da er siste påmeldte lag plassert og vi kan presentere årets kampoppsett på todalesdagen. Både i klassane knøtt, mini og lillegutt. Her ligg det an til full fres med 60 kampar fordelt på 5 banar frå klokka 9.30 til 17.00.
Etter ein lang dag med mykje fotball, mosjonsløp og mange andre aktivitetar er det laurdag kveld tid for å slappe av med litt god musikk og kortreist grillmat på bakken framfor Todalshytta. Da entrar nemleg Jo Sverre Sande og Johanna Demker scena for å underhalde oss utover kvelden…. Jo Sverre har, på tross av sine […]
Du har kanskje oppdaga at det står ein godt innpakka sak på berget der den gamle Brusetløa stod. Torsdag kl 17 blir det nok mykje styr når den skal avdukast og trer fram i sin fulle prakt… Da kjem NRK og mykje folk for å sjå og høre om denne begivenheita. Den er nemleg 160 kg, og […]
Synnøve Helland styrer med sitt eige firma for sal av forsikringer og finansteneste frå heimekontoret på Nessalofta. Det har ho gjort dei 3 siste åra, og ho trivst med å arbeide slik. Tysdag kveld samla ho ein del av kundane sine på Pakkhuset Pub til investeringsseminar. – Og til pakkhuset kom det foredragshaldarar frå både Eidsvoll, Sverige og Singapore.
På Todalsdagen vil bygdebokmemnda ha eigen stand på Bordholmen for sal av den nye bygdeboka for Todalen og Nordvik. Var du ein av dei som var heldig og fikk gåvekort på bygdeboka til jul, så kan du no hente boka på Matkroken i Todalen, meot å levere gåvekortet der. men dei har ikkje bygdeboka til sals!
Torsdag 30. juni kl 17:00 arrangerer Norsk Vandrefestival tur til Vaulen på Nordmarka. Her er Inge Skogheim og Ann Kristin Bruset guidar på ei hyggeleg vandring innover til dei erverdige seterhusa som er i Surnadal kommune sitt eige. Dei byr på snadder og kaffe fra bålet og «kaffepilates» for den som vil!