Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Open dag på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juni 2016

Det er mange som har lyst til å sjå utstillingane til Talgø på Gammelfabrikken – eller Talgø ustillingssenter – ved Storfossen i Brusetmarka. Til dagleg er det ikkje ope da det er eit utstillingssenter som Talgø bruker når dei har besøk frå kjeder og forhandlarar. Under Todalsdagen, komande laurdag 2. juli , vil Talgø ha ope hus fra 12:00 – 16:00, slik at alle kan kome og sjå utstillingane både ute og inne på utstillingssentret

Gammelfabrikken_Publikum_7925

Gammelfabrikken har vore konserarena fleire gong – her er det mykje folk i parkanlegget utafor ustillingslokala. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Mange har nok alt vært innom, mellom anna under konsertar som har vore arrangert i samband med Raus-konsertane eller når Stangvikfestivalen har arrangert konsert der. No har du altså sjansen til å sjå heile huset og i tillegg parkanlegget utendørs i området ved Storfossen, og det vil være folk tilstades for å orientere om utstillingane ved behov.

Talgø brukar utstillingssentret som eit vindaugo ut i verden for alle selskapa og i løpet av året er det mange innkjøpskomiteear frå Møbel- og byggvarekjedene som er innom i tillegg til forhandlarar frå heile landet.

Det foregår ikkje sal av møblar der, så det er til fånyttes å ta med tilhengar!  Derimot vil Todalen Idrettslag rigge seg til med sal av bakels og kaffe/brus til inntekt til idrettsarbeidet.

GF_Skålvikfjordinger1_0476

Ei av gruppene som har vore innom for å sjå utstillingane på sentret. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juni 2016, 18:00