Treningskamp på Bordholmen
I morgon klokka 18 er det lokaloppgjør mellom G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal G14. Begge laga skal til Norway Cup, og har allerede byrja oppkjøring til neste helgs turneringsstart.
Vi fann 74 artiklar i dette arkivet.
I morgon klokka 18 er det lokaloppgjør mellom G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal G14. Begge laga skal til Norway Cup, og har allerede byrja oppkjøring til neste helgs turneringsstart.
Søndagsturen denne veka går til Åsgard der det blir aktivitetar både på land, i fjøra og ute på fjorden. Samlingspunktet er naustet til kyrkjebåten «Hjelmkonnå», som det er offisiell opning av denne dagen.
Aktiv og reiseglad pensjonist fra Ålvundeid er månedens blogger. Stor takk til Tora Valset
Driva.no kan i dag fortelje at bygdeboka for Todalen er først ut til produksjon i Surnadal kommune sitt Bygdebokprosjekt. Mykje arbeid er lagt ned i prosjektet, som no nærmar seg slutten fortel Siv Oddrun Snekvik til Driva. Siste finpuss gjenstår, med den viktige korrekturen. Her vil den enkelte heim få tilsendt «sin» informasjon som er lagra i gjeldande slektsdatabase. Eit førsteutkast vil også bli lagt ut på Matkroken, slik at flest mogleg kan få ta del i korrekturen.
I dag er det muligheit til å bli med på ein rundtur i arboretet. Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagansvarleg i Svinvika tek oss med på ein interesant runde rundt i det historiske anlegget. Her får ein lære meir om kva som befinn seg her og ikkje minst korleis den vart til.
2625 nordmøringar frå Aure, Smøla, Halsa, Surnadal, Rindal, Tingvoll, Kristiansund og Averøy deltok i juni i ei representativ telefonundersøking om kommunereform. No er resultata klare, og ein fyldig rapport laga av Telemarksforskning ligg no klar i følgje Surnadal kommune si heimeside.
Jostein Bruset var på tur til Tristeinan saman med familie og venner i går, og fann eit minnekort i den merka turstien som går over til Innerdalen. Funnet vart gjort mellom Talgø-Storhaugen og Tristeinan ca 2-300 meter før Tristeinan. Minnekortet inneheld bilder frå tur til Lysefjorden/Prekestolen og frå andre aktivitetar i tursamanheng.
Dei siste par vekene har det vore godt laksefiske i Toåa, og midtsesongevalueringen viser at gytebestandsmålet vil bli nådd med god margin, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset. Etter en katastofal sesong i fjor er det bra at laksen er «komen att», og Ola fortel at det så langt i år er det innrapportert 32 laks i Toåa – og eit liknande tal for sjøaure.
Ei melding frå pålitelege kjelder i Austigarden på Kvennset kan bekrefte at Hønhalsen er gått av – det er dermed fritt fram for å finne fram badebukse og ta seg eit avkjølande bad. Vi trur det er krimforfattaren Guro Redalen som har gjort denne observasjonen og dermed kan stadfeste dette frå ibservasjonskråa si i dag kl […]
Terje Nordgarden imponerte stort med sin friluftskonsert på Todalshytta laurdag kveld. Laurdag var han på familietur til Storhaugen og det var nok skikkeleg opplading til kveldens konsert. Nordgarden entra den improviserte friluftsscena på bakken framfor Todalshytta full av energi, og eit knapt hundretals publikumarar fikk ei oppleving dei seint vil gløyme. Terje fikk god kontakt med publikum frå første stund, og fekk skikkeleg applaus som belønning.
Ved verkstaden til Per E. Gjeldnes Maskin er det ødelagt 2 vindusruter i 2 forskjellige dumpere. Det ser til at det er skote med luftgevær på rutene som no må skiftes ut. Den eine er i herdaglas, medan den andre er laminertglas, og begge to er kostbare saker som nok vil kome på fleire tusen kroner. Per E. Gjeldnes meier at det må ha skjedd i løpet av den siste veka.
Norsk Vandrefestival er i full gang med sine forberedelsar fram mot årets festival . Dei er så klart med og feirer friluftslivets år, med fokus på uteliv for barn og unge. Hovedsatsinga i år er derfor ein familecamp med ein rekkje aktivtetar lagt til den nydelige vika Mjølksanden i Bøfjorden