Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fra Todalen til Ålvundeid.

Mari B. Redalen Onsdag 15. juli 2015

Hvem er du, hvor bor du, hva gjør du til daglig og hvorfor flyttet du?

Eg er Tora Valset og bur på Ålvundeia. Er innfødd todaling, og fekk navnet Tora Talgø ved dåpen i Todalen kyrkje i 1940.Voks opp i Øyann i Hallagrenda med mor, far og fem søsken + to bonus besteforeldre. Så vi var ein storfamilie. Sommaren 1946 var mor setertaus i Romådalen og da tok ho med seg dei fire minste borna dit. Fine varme sommardagar på Øyåsetra. Dei første to skuleåra gjekk eg på skulen med Aslaug Ramsli som lærar. Det var mest gutar i klassen, og 40 tallskullet med gutar som vaks opp i Todalen var av det freske slaget.

I Pestua hadde eg min første «huspost». Eg var barnepike for vesle Maren. der tente eg mine første pengar, nok til at eg og søster mi kunne ta badstubad på Bruset. Så skjedde det at vi måtte vike plassen i Øyann etter ei odelssak, og da flytta vi til Ålvundeidet. Og flyttedagen skulle vise seg å bli meir enn dramatisk. Datoen var 14 oktober 1949. Natta før sette det inn med slik ein storm med orkanbyger at det gamle pæretreet framfor stua bles ned. Det vart eit rotvelt og røtene løfta opp steinhylla framfor døra så vi kom oss ikkje ut i første omgang. Ute på tunet sto fabrikkbilen fullasta med alt innbo og lastebil frå Surnadal kom for å henta krøttera. Stormen fortsette utover dagen og ferja over fjorden vart innstilt. Først neste dag kom vi oss av garde.

Tora Valset 2Sommarsøndag i Øyå. Foto: Tora Valset

I Austistua på Valset venta oss den gamle eigaren som heitte P. Han var gammel ungkar, men barnekjær og han tok i mot oss på beste måte. Litt av ei omveltning var det nok å få huset fullt av ongar! I grenda vi kom til krydde det av ungar. På den eine garden var seks, og på ein annan var det åtte. Så frå første dag hadde vi fleire leikekameratar. Vi fekk lang skuleveg, mellom tre til fire km, men vi var mange som heldt følge. somme tider med sykkel, og somme tider med spark. Vart veret for ille spente far Bruna for sleden og kjørte oss. Slik gikk åra.

Tok handelsskule, arbeidde ei tid, tok så husmorskule og gifta meg med Ola. Vi fekk vårt føste barn Tone. Ho var fødd med ein svær hjerneskade, hadde CP og vi hadde mange krevande år sammen. Ein kan godt seia at i denne tia opplevde vi den djupaste sorg, men og den største glede. Vi fekk Arild, og seinare var nr tre på veg. Men rett før ho skulle koma, miste vi Tone. Berre fire dager seinare fekk vi Toril.

Ja,»sorrig og glæde de vandre tilhope». Seinare fekk vi Astrid, så i dag har eg tre born. Fem barnebarn har det og vorte etter kvart. Min ektemann Ola gjennom 40 gikk bort for 15 år siden. Etter 13 år som «berre husmor» kasta eg meg over skulen ein gong igjen, og gikk opp som privatist på Tingvoll gymnas. Seinare har eg arbeidd i diverse barnehagar i 23 år, mest som assistent og tidvis som styrar.

Tora Valset 1Konfirmasjonen til Tormod i 1949. Foto: Tora Valset

Beskriv hvordan ein vanlig dag ser ut for deg:

No har eg vore pensjonist i 12 år. Eg likar å reise. Har fått med meg turar til fleire land i Europa og turar til USA og Kina har det og vorte. Som pensjonist styrar eg dagen sjøl. Etter frokost kan det bli tv-sjåing. Kvar måndag er eg samman med venninner i svømmehallen, onsdag er det seniordans med kafebesøk etterpå. Ellers har eg ofte besøk/overnatting av barnebarn.

Tora Valset 3Tone og eg. Foto: Tora valset

Hvor ofte er du i Todalen, og når kommer vi til å se deg i Todalen igjen?

Er i Todalen 2-3 gong i året, og reknar med å ta fleire turar i sommar.

Hva viser du først frem av Todalen til venner som kommer til bygda for første gang?

Det gir en ekstra følelse når vi har passert Svinvik-tunnelen, og vi ser dalen med fjella omkring. Så vil eg syne fram Skulstuå med Vangsgutane, Gammelfabrikken, Todalshytta og Todalsøra.

Kommer du til å flytte til Todalen igjen?

Har grodd så godt fast her eg er. Der eg har alle mine omkring meg.

Tora Valset 4Toril, Arild og Astrid. Foto: Tora Valset

Er et noe spesielt du ikke klarer deg uten?

Lesestoff og kryssord.

Hvordan holder dialekten din som utflytta todaling? Kanskje du har  et eksempel på en vanlig dialekt misforståelse:

Dialekta er stort sett den samme i begge bygdene.

Hvordan vil du sammenligne Todalen med det stedet du bor nå?

Tidligare var Todalen og Eidet nokså like bygdesamfunn. Seinare har eg erfart at Eidet er meir oppdelt i grandar. Det er nok på grunn av 2 store boligfelt i Børsetlauvet og på Oppdøl, og at det gode gamle samhaldet er eit sakn.

Hvor ofte er du innom Todalen.no?

Minst kvar dag. Stor takk til dei flinke redaktørene!

 

På August har Ingvild Kårvatn blitt utfordret til å skrive oss sin blogg!

Publisert: 15. juli 2015, 21:10