Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2015

Vi fann 104 artiklar i dette arkivet.


Seterrennet for 87. gang – oppdatert

Sverre Kjølstad Torsdag 2. april 2015

For 87-ende gang ble det tradisjonelle Seterrennet arrangert ved Nordviksetra på skjærtorsdag. Værutsiktene var ikke de beste, og i morgentimene lavet snøen ned. Etter hvert gjekk det over til byger med opphold innimellom. De som hadde firhjulstrekkere kjørte helt fram til parkeringsplassen ved setra, mens de som ikke hadde dette utstyret måtte ty til traktorskyss med henger.


Unni Boksasp trefte publikum…

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2015

Unni Boksasp og Festivalkvartetten trefte eit begeistra publikum under påskekonserten i Todalen kyrkje. Konserten var premiere for påsketurneen som altså starta i Todalen kyrkje skjærtorsdag ettermiddag, og fortsette til Ålvundeid kyrkje om kvelden. Vidare skal dei til Nordlandet og Øre på langfredag. Festivalkvartetten starta konserten med Griegs Allegro før Unni Boksasp kom på podiet med folketonar etter lokal opphavt.


Stangvik Historielag med fellestur til Noatun på Åsprong

Elinor Bolme Torsdag 2. april 2015

Stangvik Historielag har allerede no si aktivitetsplan klar for 2015. Dei startar den første fellesturen no 11. april, og har fått ein 52/17 Søndagstur, blandt anna. 1. tur går til Noatun, langhuset som Edvard Røkkum og Kristin Settem har på Åsprong, 11. april  kl 15 til ca kl 19/21 –avkjørsel blir skilta (ved mjølk-rampe på høgre side av vegen). Vi satsar på samkjøring med privatbilar, oppmøte ved ferjekaia på Kvanne kl 14.30. – Men: kom gjerne i båt, det er båthamn ca 100 […]


Påskekrim 4/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Torsdag 2. april 2015

Her kjem episode fire i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Etter ein tur rundt bygda har det ikkje kome opp nokre opplagte løysingar på biletemysteriet. Og kva skjer med Lundegaupa? Her er det berre å gjere seg klar for ny episode!


Påskehandel på Matkroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2015

Det er full rulle og god påskehandel på Matkroken l.Hals, fortel handelsmann Nordvik. I påska er opningstidene justert litt, men det er berre langfredag og 1. påskedag at butikken er heilt stengt. Drivstoff kan du kjøpe 24 timar i døgnet, både bensin og diesel på kortpumpa til HalsOil som byr på verdens beste drivstoff iflg Nordvik. Sjå opningstida nedafor:


Pub med påskeQuiz

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. april 2015

Påskas store treffpunkt blir nok på Pakkhuset Kro på Todalsøra, onsdag kveld. Her kan du treffe både «innfødte» og utflytta todalingar og mange andre – som du kanskje ikkje har treft på ei stund. Pakkhuset byr på konkurranse i påskeQuiz og sjølvsagt blir det premiering til beste lag.


Basar med trøkk i Forsamlingshuset

Sverre Kjølstad Onsdag 1. april 2015

Nordvik Grendalag avviklet sin årlige «påskebasar» tirsdag 31. mars. Opprinnelig var det en tradisjon for syforeningen «Nystart» å holde basar siste tirsdagen for påske. I 2014 var de så rause at de overlot denne tradisjonen til grendalaget, noe som ble satt stor pris på. Dette har oftest vært basar med bra oppmøte og tilsvarende økonomisk resultat. I år var resultatet ekstra bra, med god basarstemning og bra med folk.


Vettskremte rådyr og gaupe hakk i hel..

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. april 2015

3-4 rådyr i full stim over vegen og gaupe mellom husa på Kvennset var den store happeningen på morgonkvisten i dag. Ein observang billist fekk ei oppleving av dei sjeldne på tur ut av bygda, og var snarrådig nok til å knipse eit bilde av gaupa som måtte gi seg før ho forvann i ei skogtopp mellom Lunde og Utigarden. Det er slett ikkje uvanleg å gjera observasjon av gaupe her i bygda, men at den faktisk jakter mellom husa må ein vel i høgaste grad seie er uvanleg. Ein kontakt til Lars Olav Lund i SNO avslører at det slett ikkje er så uvanleg at gaupa kan opptre i nærleiken av bustadfelt og gardstun på landsbygda, men han måtte seie seg enig i at det er litt uvanleg at gaupa jaktar rundt husa..