Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2014

Vi fann 72 artiklar i dette arkivet.


Norges Cup i Randonne avlyst

Elinor Bolme Onsdag 5. mars 2014

Det planlagte Norges Cup rennet i randonne som skulle arrangerast på Kårvatn laurdag 15. mars, er no bekrefta avlyst grunna snømangel i følge rennleiar Nils Ove Bruset. Rennet blir i staden muleg arrangert 22. mars på Oppdal. Todalen Idrettslag må derfor gi frå seg Norges Cup rennet til Oppdal Idrettslag.


Har du lyst til å bli brannkonstabel?

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mars 2014

I Todalen har Surnadal kommune ledig jobb som deltids brannkonstabel frå 1. juli, kan vi lese på heimesida til Surnadal kommune. Ein av konstablane når no aldersgrensa for slik teneste, og vi har godt håp om at nokon kan bli med å ta del i brannsikringsarbeidet lokalt i Todalen, seier brannsjef Tor Arne Moen til Todalen.no


Sakliste til todalen.no sitt årsmøte klar

Elinor Bolme Onsdag 5. mars 2014

Todalen.no minner om sitt årsmøte onsdag 5. mars i Todalen Ungdomshus kl 20.00. Etter at fristen for innkomne saker no er utgått, legg vi ut saklista her: sakliste årsmøte 05.03.14


Info om bredbånds-tilførselen til Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. mars 2014

Svorka Aksess kommer her med litt informasjon om utbyggingen av bredbåndstrafikken til Todalen. I en epost skriver drifts- og kundekonsulent Espen Røv at tilføringen av bredbånd i dag er tilkoblet fiberkabelen fram til Hjellnes, og at det videre arbeidet med å føre fiber fram til Todalen vil starte til sommeren.


Vinterdag, tross vårstemning

Elinor Bolme Måndag 3. mars 2014

Rindal bil- og landbrukssenter arrangerer onsdag Vinterdager ved butikken på Sunna i Rindal. A-K maskiner fra Fannrem kommer også for å vise frem sine vinternyheter. I tillegg blir det ei stor utstilling av Case og New Holland traktorer. Med andre ord en fagdag for de fleste med behov for nytt utsyr, eller bare har lyst på litt kaffe og faglig påfyll.


Søstrene Ansnes, dei eldre

Elinor Bolme Måndag 3. mars 2014

Denne gongen har historielaget funne fram eit gammelt bilde med tre av søstrene Ansnes frå Øya. Bildet er mest sansynleg teke etter at eldstemann Gudmund døyde i 1919, og før yngstebror Gunnar kom til verda i 1921.


MøreRoyal® i «Tid for hjem» på TV2 – oppdatert

Elinor Bolme Sundag 2. mars 2014

Tirsdag kveld ligger det an til spenning i Talgøkonsernet. Da innehar nemlig MøreRoyal® som produseres ved Møretre en av hovedrollene i det populære TV2-programmet «Tid for hjem», med programleder Kjersti Bergersen og hennes team. TV2 har så langt ikke lagt ut noen teaser for programmet på sin nettside, så her må vi fint vente til tirsdag kl 20 for å få se det som beskrives som en riktig så lekker hage i Bergenstraktene.


Skulstuå vart klebutikk

Jon Olav Ørsal Sundag 2. mars 2014

Skulstuå kan brukast til så mangt, og laurdag var den for eit par-tre timar gjort om til klebutikk. Det var Torill Gjeldnes som hadde invitert Isabel Fureli frå rindalsskogen til såkalla homeparty for barneklekjeda Pomp de Lux. Det hadde vore bra besøk utover dagen, og begge vertinnene var godt nøgd med responsen.


Saniteten bydde på bollar, kakao og fastelavnsris

Jon Olav Ørsal Sundag 2. mars 2014

Salgs av fastelavnsris er eit av innteksfundamenta til Sanitetskvinnene. Slik har det vore gjennom lange tider, og laurdag aksjonerte nokre av medlemane i Todalen Sanitetsforening med stand utafor Matkroken L. Hals. Her bydde dei på nystekte boller og varm kakao i den bleike vårsola. Og sjølvsagt hadde dei ein baktanke med dette, for det var salg av fastelavnsris som var hovudbudskapet.


Yes – no blir det bading!

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mars 2014

Laurdagens auksjon på Hageland samla mykje folk som var interesserrt i gjera eit kupp. Det var mange typar varer som vart bydd fram og det var nok mange som fikk sjangsen til å gjere tidenes handel. Auksjonarius Knut Westlund solgte mellom anna gikk eit ståltak på nærare 40 m2 for eit par hundre kroner. Elles var […]


Stor interesse for fotoutstillinga til Reidar

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mars 2014

Reidar Østvik har nærast jobba dag og natt for å få fotoustillinga i kulturhuset klar til opninga laurdag. Opninga vart innleia med ein minikonsert med gitaristen og møremuskaren Øystein Sandbukt, før det var klart til å opne døra til Finstuå der utstillinga er montert. Reidar Østvik kan med god grunn være stolt av den flotte bildeutstillinga han kunne presentere for eit stort antal interesserte, og som skal henge i Finstuå fram til og med 16. mars.


Vel blåst for Russeexpressen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mars 2014

Fredag kveld var siste førestilling for russerevyen Russeekspressen, som har gått over 3 kveldar i Storstua på Surnadal kulturhus. Det var ei imponerande førestilling som Surnadalsrussen har god grunn til å være stolte av, og di fekk både blomster og honnør med ordførar Mons Otnes som takka for ei framifrå førestilling og kunne ømskje gjengen lykke til med russefeiringa.