Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vel blåst for Russeexpressen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mars 2014

Fredag kveld var siste førestilling for russerevyen Russeekspressen, som har gått over 3 kveldar i Storstua på Surnadal kulturhus. Det var ei imponerande førestilling som Surnadalsrussen har god grunn til å være stolte av, og di fekk både blomster og honnør med ordførar Mons Otnes som takka for ei framifrå førestilling og kunne ømskje gjengen lykke til med russefeiringa.

Det var ei livåt førestilling der det var mange som fikk utfolde seg på scena. Spesielt gjorde dansarane ein god jobb gjennom fleire gode og vel framførte dansenummer, som hausta god applaus frå publikum som absolutt fikk valuta for pengane.

Todalen.no var der på fredagsførestillinga og nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri med glimt frå Russeexpressen.     Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. mars 2014, 10:55