Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2013

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Vårsøghelga i gang

Vårsøghelga i gang

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2013

Onsdag var det start på Vårsøghelga. Den ofisielle opninga skjedde i foajen på kulturhuset, der årets Vårsøgkunstner Oddvar Hermannson Torsheim ble presentert. Videre fortsette arrangementet med Ørasus i Storstua, der plateselskapet Øra Fonogram markerte slepp av 5 plater med ein flott konsert der 4 av dei 5 artistane deltok.

Les heile saka

2 pubkveldar på Pakkhuset i mai

2 pubkveldar på Pakkhuset i mai

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. mai 2013

Først blir det ope 17. mai. Frå kl 17 og utover kvelden er det da open pub, og denne kvelden er det salg av «Brendsnut». Det er ein sunnmørsvariant av sodd/kjøttsupe. Vidare har Pakkhuset Kro ope laurdag 25. mai, med vanleg pubopning. Brendsnut er ei fantastisk kjøt- og grønsakssuppe som har sitt opphav på Sunnmøre. Same type suppe […]

Les heile saka

4000 nye todalingar

4000 nye todalingar

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2013

Måndag og tysdag har det vore smoltutsetting i Toåa. 4000 2-årig smolt er slept «ut på livet» i Toåa etter at dei har friste eit trygt tilvære hos Monika & Co hos Rossåa settefiskanlegg som høyrer Statkraft til. Dei er no sette i to kvilemerder ved Steinutgarden i Toåa, der dei stå i 2-3 dagar og aklimatisere seg og venne seg til livet i elva, og sleppes fri mot kveld onsdag eller torsdag denne veka. Dei slepper alltid mot kvelden for å minske faren for at dei skal bli mat for fuglar og andre jegrar som oter og mink.

Les heile saka

Dyktig dugnadsgjeng

Dyktig dugnadsgjeng

Jon Olav Ørsal Måndag 13. mai 2013

Vi fikk gjort alt som stod på lista, og meir til, sa Terje Nordvik frå soknerådet. Det var han som leda dugnadsgjengen som måndag kveld var i aksjon under kyrkjegardsdugnaden. Dugnaden starta i sol og finvêr, men det rakk akkurat til å bli ferdig med dugnadsarbeidet før det slo om til kald og sur nordvest med regnbyger.

Les heile saka

Ukens kamper

Ukens kamper

Elinor Bolme Måndag 13. mai 2013

Denne veka er det lite kampar i følge banekalenderen. Kun G14 Kvas/Ulvungen/Søya /Todalen spelar heimekamp. Dei har kamp mot AK på torsdag kl 19, og den spelast på Ålvundfjord Stadion.

Les heile saka

Sesongstart i arboretet

Sesongstart i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 12. mai 2013

Laurdag var det sesongopning i Svinviks arboret. Det var mange som nytta finvêrsdagen og tok seg ein tur, og gjennom dagen var det mange som var innom, fortel Maja Frønes, som i år er ansvarleg for drifta i arboretet. Blomstringa er komen i gang, og med nokre varme vårdagar i fortsettinga vil nok Svinviks arboret snart stå i full flor.

Les heile saka

Kjeinn kor sola brinnj

Kjeinn kor sola brinnj

Elinor Bolme Laurdag 11. mai 2013

Den tidlegare omtala popgruppa Snow On A Mountain, med tilhald i Oslo, men med mykje røt frå Todalen har i desse dagar gjeve ut sin første song på norsk; «Kjeinn kor sola brinnj». Om teksten er basert på ein barndom i Todalen skal ikkje hevdast, men tanken var der allerede etter første strofe. Bandet består […]

Les heile saka

Månadens bilete: I Marokko

Månadens bilete: I Marokko

Ole Petter Talgø Fredag 10. mai 2013

Nok ei avstemning av månadens bilete er ferdig, og denne gongen kan vi gratulere Johan Ørsal med biletet «I Marokko» som vinnar av månadens termos. Det var bare nokre få stemmer som skilte dette biletet og Skileik på Dovrefjell, av Kristine Saksen Ulvund.

Les heile saka

Sesongåpning i arboretet

Sesongåpning i arboretet

Elinor Bolme Fredag 10. mai 2013

Maja Frønes minner i ein epost til redaksjonen om at det er sesongåpning i Svinvik Arboret i morgon. Ho skriv: Laurdag 11. mai kl. 12.00 opnar vi porten for årets sesong i Svinviks arboret.
Blomstringa er godt i gang ute i anlegget, og våren er i full anmarsj !

Les heile saka

Kokepåbudet oppheva

Kokepåbudet oppheva

Elinor Bolme Fredag 10. mai 2013

Surnadal kommune melde på si heimeside at feilen på desinfeksjonsanlegget ved Bjøråa vassverk i Todalen er no skal vere retta, og kokepåbudet dermed blir oppheva. Nye vassprøvar er tekne og vatnet er trygt å drikke.


17.mai: Programmet er klart!

17.mai: Programmet er klart!

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2013

Programmet for feiring av nasjonaldagen i Todalen er no klart. Det startar sjølvsagt med det tradisjonelle biltoget som går oppover bygda til Gammelfabrikken og nedatt til Bordholmen for felles frokost. Etter ein liten pause fortsett feiringa med folketog fra skulen til kyrkja, der det er familiegudsteneste og kranspålegging ved bautaen. Så er det folketog der korpset deltek oppover til skulen.

Les heile saka

A-laget: Vant 1-3 mot Nordlandet

A-laget: Vant 1-3 mot Nordlandet

Knut Bergli Fredag 10. mai 2013

A-laget til Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen kunne torsdag innkassere nok en seier. Denne gang var det sterke Nordlandet som kom til kort mot våre gutter. To scoringer av Ola Heggset og et av Jan Erik Smiseth og et uheldig baklengs ga laget en meget sterk borteseier. Gode treninger i vinter og en bred og sterk tropp gir resultater, sier en fornøyd trener.

Les heile saka