Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2012

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Kva er dette?

Kva er dette?

Elinor Bolme Fredag 31. august 2012

Edgar Kattem har eit oppkom av gamle bilder, og i dag har Trollheimsporten publisert nok eit som er hentyda på Todalen.  Dette ser vel ut som er teke på Ansnes Saga? Trollheimsporten lurar på om nokon har meri informasjon om bildet, ikkje minst angående kva som blir produset. HER finn du heile reportasjen frå Trollheimsporten. […]

Les heile saka

Sesongstart med «kjøtt og påsse»

Sesongstart med «kjøtt og påsse»

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. august 2012

Onsdag 5.  september startar Eldremiddagen på ein ny haustsesong, melder «eldregeneral» Martinus Torvik. Og dei startar ikkje sesongen med nokon slankemeny, for denne dagen blir det servert «kjøtt å påsse» til hovudrett og riskrem til dessert. Det skjer i Sanitetshuset kl 13.00, med både eldrerådet, ordføraren og rådmannen er inviterte gjestar. Karen Johanne Talgø og Brit […]


Nytt klubblokale for Start 4H

Nytt klubblokale for Start 4H

Elinor Bolme Torsdag 30. august 2012

Start 4 H starta i går kveld så smått på å ordne seg sitt eige klubblokale under eit arrangert medlemsmøte i Skulstuå. Dei har fått lov til å disponere to rom i 2. etasje i Skulstuå, heilt gratis. Desse to romma har dei no tenkt å oppgradere litt, med å slå ut veggen i mellom slik at dei får eit større rom. Her er det dermed høve til laget å lagra alle materiella klubben har, både av oppgavebøker og anna relevant utstyr. Klubben har det siste året hatt fritidsklubb på bordholmen, medan alt av papirmateriale er inne i Todalen Skule.

Les heile saka

Sykkeltrim med bakels og graut

Sykkeltrim med bakels og graut

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. august 2012

Onsdag kveld var det nest siste sykkeltrim i TILs regi for i år. Det er Trimgruppa som har arrangert sykkeltrimmen, som har pågått i vår og i haust men som tok ferie i julimånaden. Onsdag kveld var det fleire som nytta finverskvelden til å ta seg ein sykkeltur i den fine haustkvelden, og med traktering med bakels m/graut og kaffe var det reint så triveleg på Bordholmen.

Les heile saka

Sykkeltrim i kveld

Sykkeltrim i kveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. august 2012

Trimgruppa minner om sykkeltrimmen i kveld. Det er registrering på Bordholmen, men du kan sykle dit du vil og så langt som du vil! PÅ Bordholmen er det også open kiosk og salg av kaffe, bakels og andre forfriskningar. Du kan også kjøpe lodd i sykkellotteriet som blir trekt på siste sykkeltrimkvelden den 12. september.  […]


Vekas kampar

Vekas kampar

Elinor Bolme Tysdag 28. august 2012

Høstsessongen i fotballverdenen er i full gang også på det lokale plan. Todalen.no kjem dermed med ei lita oversikt kvar veke over heimekampane til dei ulike laga, frå G10/J10 og til og med senior. Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar.

Les heile saka

Molde vart for sterke for G19

Molde vart for sterke for G19

Jon Olav Ørsal Måndag 27. august 2012

G19 Todalen-Søya-Kvass/Ulvungen møtte sine overmenn mot Molde på kunstgrasbanen i Molde i kveld. Dei tapte 6-1 mot Molde etter at Molde leda 2-0 ved pause. Etter ein jamn 2.-omgang  vart sluttresultatet heile 6-1. Laget var nok litt redusert da dei mangla fleire fast spearar som kaptein John Kjetil Gagnat i tillegg til dei langtidsskadde todalsspelarane Ola […]


56 tok turen over fjellet

56 tok turen over fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 26. august 2012

56 deltakarar starta i dag føremiddag på turen over Vardan frå Todalen til Ålvundeid. været såg slett ikkje bra ut i dag tidleg, med lavt skydekke med skodde ned til 6-700 meter og regnbyger i fjella. Men værmeldinga på yr.no var meir optimistisk, og været skulle bli betre etter kvart utover dagen. Og det slo til, for dei som gikk over fjellet kunne rapportere om fine forhold, men det var nok litt blaute myrar etter regnet som kom natt til søndag.

Les heile saka

Fiskum Quartet & Sigrid i kyrkja

Fiskum Quartet & Sigrid i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 26. august 2012

Laurdag ettermiddag hadde Fiskum Quartet konsert i Todalen kyrkja. Det var ei flott førestilling, der vi fikk servert både Haydn, Pergulesi, Handel og Shostakovich av strukekvartetten til Bjarne Fiskum. Han er rekna for å være Trondheimssolistanes far, og med seg i Todalen kyrkje hadde han surnadalingen Anders Larsen (fiolin), Kristoffer Bjerke Gjærde (bratsj), Anne Lise Fagerli (cello) og sopransolisten Sigrid Elisabeth Vetlesæter Bøe.

Les heile saka

Søyacupen vel i hamn

Søyacupen vel i hamn

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. august 2012

Laurdag var det ein lang fotballdag på Søyabanen. Den første kampen starta kl 09.30 og sidan har det i bostaveleg forstand vore full rulle heile dagen til dei siste kampane var ferdig i 18.30-tida. Det har vore 60 lag i aksjon på Søyabanen, og dei har tilsaman spela rundt 90 kampar. Det har vore deltakarar frå heile Nordmøre og helt til Trøndelag, der iallfall Sjetnemarka og Ranheim stilte med lag.

Les heile saka

Klart for Trollheimsmarsjen!

Klart for Trollheimsmarsjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. august 2012

Da er traseen for Trollheimsmarsjen ferdigmerka både på todalssida og på Ålvundeidsida melder Dag Nikolai Gjersvoll i I.L. Ulvungen. Han rapporterer om fine forhold, og håpar sjølvsagt at det ikkje kjem regn. Han anbefaler å gå Tverrlia, da det er blaut myr rundt Litjkjerringhalsen. Postane for naturstien er også på plass, og på nedturen til Ålvundei er postane plassert mellom Vardan og Kjerringvatnet og i heistraseen i Børsetlia.

Les heile saka

Ørjan og Brage debuterte på A-laget

Ørjan og Brage debuterte på A-laget

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. august 2012

I dag debuterte Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø på Sunndals A-lag, i 3-divisjonskampen kampen mot Larsnes/Gursken på Larsnes stadion. Sunndal vann kampen 2-1, og det meldes at dei to debutantane fekk gode skussmål for jobben dei gjorde på banen.

Les heile saka