Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nytt klubblokale for Start 4H

Nytt klubblokale for Start 4H

Elinor Bolme Torsdag 30. august 2012

Start 4 H starta i går kveld så smått på å ordne seg sitt eige klubblokale under eit arrangert medlemsmøte i Skulstuå. Dei har fått lov til å disponere to rom i 2. etasje i Skulstuå, heilt gratis. Desse to romma har dei no tenkt å oppgradere litt, med å slå ut veggen i mellom slik at dei får eit større rom. Her er det dermed høve til laget å lagra alle materiella klubben har, både av oppgavebøker og anna relevant utstyr. Klubben har det siste året hatt fritidsklubb på bordholmen, medan alt av papirmateriale er inne i Todalen Skule.

Då todalen.no var innom var det berre to som hadde teke utfordringa på strak arm med å rive veggen mellom romma, 1. års aspirantane Eivind Bolme og Bror Sæther. Og med det utstyret klubbleiarane Jon Olav Roaldset og Hanne Waag hadde for handa, var det imponerande at dei kom igjennom veggen.

           

Jon Olav fortalte at dei kom til å la ungane/ungdomane sjølve stå for oppussinga, med litt veiledning. Han tykte det var viktig at dei fekk følelsen av at dette var deira sin plass. Utover ville dei bli litt meir strukturert med faste kveldar for å få fortgang i arbeidet.

 Og jubelen sto i taket då dei kom seg gjennom begge vegglaga…

Først publisert: 30. august 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 29. august 2012, 21:32