Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2012

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Prosjekt om mellomalderen

Prosjekt om mellomalderen

Ola Bolme Torsdag 19. april 2012

Vi i 5. 6. og 7. på Todalen opvekstsenter har laga borger fra mellomalderen. Dei første kunst og handtverk timane så planla vi kor høg og brei dei skulle vere. Borgene er laga av tre, som vi spikra samman av 4 plankar. Når vi var ferdig med å byggje borga, så la vi gips utapå. Då gipsen stivna, måla vi borgene. Vi har òg laga figurar av leire som ikkje trengst å brennast. Leiren stivna på 72 timar.

Les heile saka

Drømmeføre på fjellet

Drømmeføre på fjellet

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. april 2012

Vi har fått ein kort rapport og fine bilde i ein e-post frå Jon Bruset. Han har hatt «skidag» i dag og har teke turen opp i området rundt Tristeinan. Vi legg ut bilda i eit lite galleri slik at du kan sjå korleis forholda er. Dersom du vil nytte finvêret og godføret, er det kanskje lurt å ta turen torsdag eller fredag. For til helga melder nemleg både yr.no og storm.no dårlegare vêr. Vermelding finn du her, og du og samanlikne dei to «vêr-leverandørane» på same sida. Så får vi sjå kven som treffer best av dei to!

Les heile saka

MøreTre søkjer etter prosjektledar

MøreTre søkjer etter prosjektledar

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. april 2012

På MøreTre er det travle tider og stor auke i omsetninga det siste året. No skal dei styrkje staben og søkjer no etter prosjektledar/tektnisk tegnar til Elementavdelinga. Dei søkjer etter ein person som skal ivareta dagleg produksjon og kunde-oppfølgjing ved element- og prosjekt avdelinga. Til stillinga ligg ansvar for tilrettelegging og oppfølgjing av den daglege drifta ved […]


I kveld: Dugnad på kyrkjegarden

I kveld: Dugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. april 2012

Tysdag kveld 24. april er det klart for vårdugnad på Todalen kyrkjegard. Det er Todalen sokreråd og kyrkjeverja som inviterer, og dei oppfordrar folk til å kome og hjelpe til med forskjellige slag oppgåver på kyrkjegarden. Det skal rettast opp gravstøtter og ryddast etter vinteren. Det trengs folk med rive, trillebåre, spett, spade og anna høveleg reiskap. […]


Lørdag: Dugnad i Båthavna

Lørdag: Dugnad i Båthavna

Jon Olav Ørsal Måndag 16. april 2012

Todalen båtforening kaller til dugnad i båthavna lørdag 21. april kl 11:00. Da det var tillyst dugnad før påske, var havna nedsnødd og det var umulig å få gjort noe. Nå er mesteparten av snøen borte, og en kan fjerne sporene etter Dagmar og gjøre klart for vårens båtgleder. Ta med familie og venner, oppfordrer styret […]


Stem på månadens bilete for mars

Stem på månadens bilete for mars

Ole Petter Talgø Måndag 16. april 2012

Noko forsinka kjem her avstemninga for månadens bilete for mars. No ventar nok dei fleste på vår, så om du finn vårtegn eller tegn på sommar, kan du gjerne sende oss bilete!

Les heile saka

Hjort på innmarka

Hjort på innmarka

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2012

Etter kvart som snøen forsvinn så kjem no hjorten ned på innmarka i skyminga for å beite. Nygroen er nok «furkunnmat» etter å ha levd på gamaltgras, lyng og mose i skogen. På ein liten runde rundt bygda søndag kveld kunne fann vi ein flokk ved skogkanten ovafor Andersstua, ein flokk innafor Oddøya og nokre dyr utafor Øya. Det var nok i seinaste laget for frihandsfoto, men legg ut nokre bilde likevel.

Les heile saka

Søndag: Trimbasar i Ungdomshuset

Søndag: Trimbasar i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2012

Søndag 22. april mellom kl 15-18 er det storstila basar i Ungdomshuset. Det er Trimgruppa og Ski-/friidrettsgruppa som har sin årlege basar med stort basarbord, der gåvekort på Kårvatn Fjellustyr er hovudgevinsten. Elles er det utdeling av utmerkingar frå både ski- og trimaktivitetar som startar ca kl 17. Det gjeld både skimerke, friidrettsmerke og premiering […]


Kårvatn Fjellutstyr:Endeleg blir det billegsal…

Kårvatn Fjellutstyr:Endeleg blir det billegsal…

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2012

Det tradisjonelle sesongsalet for å rydde plass til vår og sommarvarer er endeleg kome i gang hos Kårvatn Fjellutstyr. Det skulle eigentleg skje før påske, men da vegen rasa ut i Falla vart det sett bom stopp for salet så lenge vegen var stengt. Sist fredag opna vegen igjen og dermed kom salet i gang. Todalen.no tok turen oppover til Kårvatn på tampen av laurdagen for «ta pulsen» på salet. Det var fine sommarvegar oppover Dalavegen til Kårvatn, så grusvegen har nok hatt godt av eit par vekers kvile og er no klar til å ta imot stor salstrafikk.

Les heile saka

Søndag: Årets første kamp på Bordholmen

Søndag: Årets første kamp på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2012

Søndag 22. april kl 13.30 er det klart for årets første kamp på Bordholmen.  Todalen-Kvass/Ulvungen-Søya  G19 treffer da Søya/Todalen A-lag til ein skikkeleg duell på heimebanen i Todalen, og med kretsdommar Ola Magne Nordvik som vil halde justis og bruke fløyta.  Manager Terje Nordvik håpar at så mange som muleg av våre fotballsupportarar på begge sider […]


På skiskyttarfestival med Bjørndalen

På skiskyttarfestival med Bjørndalen

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2012

I helga var det arrangert Bendit Skiskyttarfestival Landsfinale på Liatoppen i Gol i Buskerud. Andreas Striger Halset, med opphav frå Todalen, deltok i klassen for gutar 12 år. Andreas gikk eit godt løp og hadde fulltreff på skyting, men måtte nok finne seg i at meir rutinerte løparar sneik seg framom på resultatlista. Men det vart ein fin 5.-plass, som Andreas kan være stolt av. Dei seks beste plasseringane i rennet vart det og gjort ekstra stas på ved premieutdelinga, i tillegg til at dei fekk møta kjente skiskyttarstjerner som Tora Berger og Ole Einar Bjørndalen.

Les heile saka

Samla inn over 120 sekkar med klær

Samla inn over 120 sekkar med klær

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. april 2012

For 5. året på rad driv Todalen sanitetsforeing innsamling av klær til Estland, og gjevarane svika ikkje denne gongen heller, for det kom inn over 120 store svarte søppelsekkar som var fulle av klær til innsamlinga laurdag. Sanitetskvinnene som administrerte innsamlinga hadde full opp med mottaket og sjølvsagt servering av kaffe til alle som var innom. Fenomenal respons seier Åse Ville Redalen som er ledar for Todalen sanitetsforening.

Les heile saka