Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På skiskyttarfestival med Bjørndalen

På skiskyttarfestival med Bjørndalen

Jon Olav Ørsal Sundag 15. april 2012

I helga var det arrangert Bendit Skiskyttarfestival Landsfinale på Liatoppen i Gol i Buskerud.  Andreas Striger Halset, med opphav frå Todalen, deltok i klassen for gutar 12 år. Andreas gikk eit godt løp og hadde fulltreff på skyting, men måtte nok finne seg i at meir rutinerte løparar sneik seg framom på resultatlista. Men det vart slots online ein fin 5.-plass, som Andreas kan være stolt av. Dei seks beste plasseringane i rennet vart det og gjort ekstra stas på ved premieutdelinga, i tillegg til at dei fekk møta kjente skiskyttarstjerner som Tora Berger og Ole Einar Bjørndalen.

Andreas er ofte på besøk hos bestefar Anders på Halset, og vi ser ikkje bort frå at det da har vore litt skyteinstruksjon?  Turar i Todalsfjella og intervalltrening i Halsetliene sumaren 2011 har nok gjort sitt for at toppforma kom i rett tid, seier far og «coach» Arve Halset til Todalen.no.

Først publisert: 15. april 2012, 09:33 - Sist oppdatert: 27. mai 2013, 20:38