Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2011

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Therese tok sin master…

Therese tok sin master…

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2011

I førre veke var det stor festivitas ved Handelshøgskulen BI i Oslo. Dei gjord stas på studentane som var ferdige med studiane, og som fikk sin mastergrad etter at masteroppgåva var bedømt og godkjent. Therese Talgø frå Todalen var mellom dei, og ho tok sin mastergrad i strategisk marknadsføringsleiing. Ho hadde skrive oppgåva saman med Espen Liseth Rødsjø frå Trondheim, og dei to gikk helt til topps i konkurransen om beste oppgåve. Som takk for innsatsen fekk dei diplom og gåvesjekk på kr 25.000 frå Orkla Brands.

Les heile saka

3. juledag: Tradisjonell romjulsmarsj

3. juledag: Tradisjonell romjulsmarsj

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2011

3. juledag er det tid for å strekkje på beina igjen etter eit par dagar med mykje god mat. Da arrangerer Todalen I.L.s trimgruppe den årlege romjulsmarsjen, der dei inviterer alle til å ta ein tur rundt bygda. Det er høve til å starte mellom kl 12.00 og 15.00, og det et registrering både på […]


Langope på ICA Todalen

Langope på ICA Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 23. desember 2011

Både torsdag og fredag (lille julaftan) er det ope til kl 20.00, så her kan du nytte høvet til å gjere siste julhandelen lokalt på kveldstid. Julaftan er det ope frå kl 09.00 til kl 13.00.  Etterpå er det Julegudsteneste i Todalen kyrkje kl 13.30, så her går det slag i slag.


Utstilling av klassebilde

Utstilling av klassebilde

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. desember 2011

Det blir utstilling av gamle klassebilde i Skulstuå (Gammelskulen) i romjula. Det er ope 3. juledag (27.12.) i tida 14.00 til 16.00 og 6. juledag (30.12) til same tid. Utstillinga er i hovudleiligheta, og inneheld skulebilde fra 3 århundrer.  Arrangør er Stiftinga Skulstuå i Todalen.


2 jerv felt på Kårvatn

2 jerv felt på Kårvatn

Elinor Bolme Onsdag 21. desember 2011

I løpet av dei siste dagane har det vore felt 2 jerv på Kårvatn. Den første, som vart felt laurdag var ein hann på mellom 2-4 år. Den andre vart felt i dag, og om den har det ikkje komme inn noko dokumentert informasjon på enda på Direktoratet for Naturforvaltning si nettside. Men kjelder todalen.no har snakka med i kveld melder om at det er to ulike jegarar.

Les heile saka

«Todalsjulebord» i Trondheim

«Todalsjulebord» i Trondheim

Tekst og foto: Elisabeth Aas Onsdag 21. desember 2011

Fredag kveld hadde utflytta Todalinger for tredje gangen «Todals julebord» i Trondheim. Denne gangen ble det avholdt på Byåsen hjemme hos Elisabeth, med «kurvfest» med mye godt. En fantastisk kveld med gode gamle venner. Den Glade gjengen besto av Ingeborg Bruset, Jorid Kalseth, Mari Todalshaug (3 som forøvrig gikk i samme klasse i Todalen) Liv Mette Talgø, Birgitte Kalseth, Mette Torvik og Elisabeth Aas. Alle var enige om at det også neste år skulle arrangeres julebord for utflytta Todalsdamer.

Les heile saka

Sola «snur» torsdag kl 6.30

Sola «snur» torsdag kl 6.30

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. desember 2011

Torsdag 22. desember kl 06.30 er det vintersolverv. Vintersolverv kjem den dagen sola står lågast på himmelen. Klokkeslettet for dette varierer litt frå år til år, og vintersolverv kan derfor være både 21. og 22 desember, men i kalenderen er dagen av praktiske grunnar sett til 21. desember.

Les heile saka

Dyktig gjeng!

Dyktig gjeng!

Elinor Bolme Tysdag 20. desember 2011

I går kveld var foreldre og besteforeldre benka i gymsalen på Todalen oppvekstsenter for å oververa årets juleavslutning. Her hadde både skuleelevar og barnehageungar øva inn både sketsjar, songar og høgtlesing. Og som vanleg var det fornøyeleg å vere publikumar. Særleg dei yngste imponerte stort med sine framføringar av mange innøvde julesongar. Innsatsen var det ingen ting å seie på.

Les heile saka

Ikkje sexy, men SEKSTI

Ikkje sexy, men SEKSTI

Jon Olav Ørsal Måndag 19. desember 2011

Måndag var det storstila bursdagsfeiring på ICA Todalen. Ragnar fylte seksti år, så Kaffekroken var arena for servering av kaffe og blaukake til alle som har vore innom butikken for å gratulere. Både stamgjestar og langvegsfarande var i løpet av dagen innom og fikk en bit av jubilumskaka og ein kaffedråpe.

Les heile saka

Julenek frå Start4H

Julenek frå Start4H

Jon Olav Ørsal Sundag 18. desember 2011

Eit sikkert teikn på at jula nærmar seg er 4Hs stand med salg av julenek ved ICA Todalen. Tilbudet var kr 80 for eit fint julenek, og dei fortalte at mange hadde nytta seg av tilbudet og kjøpt både eit og fleire. Så det blir nok mange småfuglar som blir glade på litt ekstra god […]


Travel førjulstid ved Todalen oppvekstsenter

Travel førjulstid ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. desember 2011

Om ei veke er julekvelden her, og i skulen er juletreet pynta, julesongar og program er innøvd til førjulskvelden måndag 19.desember. Alle er velkomne! Ved oppvekstsenteret har vi som vanleg hatt ein travel, men også koseleg desembermånad med mange aktivitetar. Måndagane har vi hatt stemningsfulle adventsstunder med lystenning og variert progam.

Les heile saka

Juleavslutning på skulen

Juleavslutning på skulen

Elinor Bolme Torsdag 15. desember 2011

Todalen oppvekstsenter melder om at den årlege juleavslutninga på skule er lagt til førstkommande måndag klokka 18. Her vil det bli underhaldning både av barnehageungane og ungane i løpet av kvelden. I tradisjon tur blir det også gong rundt juletreet. Ellers er det kanskje rå å få sjå nissen, om han får fart på sleden på bera?

Les heile saka