Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Julenek frå Start4H

Julenek frå Start4H

Jon Olav Ørsal Sundag 18. desember 2011

Eit sikkert teikn på at jula nærmar seg er 4Hs stand med salg av julenek ved ICA Todalen. Tilbudet var kr 80 for eit fint julenek, og dei fortalte at mange hadde nytta seg av tilbudet og kjøpt både eit og fleire. Så det blir nok mange småfuglar som blir glade på litt ekstra god julemat rundt om kring i bygda. Søndag har  dei planer om å dra til Nordvik på salgsrunde.

Publisert: 18. desember 2011, 12:12