Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Travel førjulstid ved Todalen oppvekstsenter

Travel førjulstid ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Laurdag 17. desember 2011

Om ei veke er julekvelden her, og i skulen er juletreet pynta, julesongar og program er innøvd til førjulskvelden måndag 19.desember. Alle er velkomne! Ved oppvekstsenteret har vi som vanleg hatt ein travel, men også koseleg desembermånad med mange aktivitetar. Måndagane har vi hatt stemningsfulle adventsstunder med lystenning og variert progam.

Feiar Jon Nordvik kom på tradisjonelt førjulsbesøk for å ta opp temaet brannvern: «Lydhøre og dyktige elevar», konkluderte han med. Vi har hatt 2 dagar med juleverkstad så det blir nok mange spesielle gåver under juletrea rundt om i bygda i år, og!

Elevane i småskulen gledde barnehagen med Luciabesøk 13.desember. Der var det servering av gode lussekatter. Fredag avslutta Solvor og SFO med nissemarsj. Etterpå var det både gløgg, fint pynta pepparkaker og medaljer. No ventar vi berre på julesnøen, og ønskjer alle ei fin førjulstid vidare!

Her finn du mange fine bilete frå førjulstida i Todalen oppvekstsenter.   Foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 17. desember 2011, 00:36