Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2020

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 612345...Siste »

– og takk for det gamle!

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. desember 2020

No når vi står i ferd med å ta i bruk eit nytt år, står det berre att å takke for det gamle. 2020 har vore eit spesielt år på mange måtar, men det som har prega året mest er nok koronaviruset.  Koronaviruser er nok det som har prega Todalen.no mest også, for det skapt saker som lesarane har har hatt stor interesse for  – men det har også sett ein stoppar for mange arrangement som har vorte avlyst.  Dermed har det nok påvirka talet på saker som er lagt ut på nettsida.



Framleis nokre thermodrikkeflasker for sal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 31. desember 2020

Økonomi og markedsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det framleis er nokre thermodrikkeflasker att for sal. Om du er interessert i å kjøpe, kan du ta kontakt med:

Ingunn Mikkelsen, på telefon: 918 29 206 eller
Jenny Stensby, på telefon 416 24 991 


30.12.2020: Smitteutbrot i Rindal – var falsk alarm – OPPDATERT

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. desember 2020

Seint onsdag kveld kom Surnadal kommune med ei pressemelding om koronasituasjonen:  Rindal kommune melder i kveld om eit smitteutbrot med pågåande smittesporing.  Dette var imidlertid falsk alarm, da det rapporteres om feil frå testlabben.  


Jo Gjeldnes – Julegåva som vart ein luftig hobby

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. desember 2020

Jula 1991 fekk Jo Gjeldnes eit rosa klatretau med sele av Gunnar Nordvik til jul. Det vart starten på ein luftig hobby. Gunnar hadde sjølv allereie klatra litt og hadde teke fleire kurs, både i klatring og sikring. Frå etterjulsvinteren 1993 tok han med seg Jo Gjeldnes, Rune Halset, Gudmund Kårvatn og Ingvild Kårvatn, på klatring rundt om kring. På vinteren var det klatring innomhus i Surnadal og Rindal. Når våren kom vart klatringa flytta utomhus. Gunnar fekk laga klatreveggar på vestveggen på redskapshuset på Bordholmen og på siloveggen på Kårvatn. Her fekk Jo, Rune, Gudmund og Ingvild lære både å klatre, og ikkje minst å sikre kvarander under klatringa. Frå våren og utover vart klatringa flytta til forskjellege fjellveggar, og vart både luftigare og ikkje minst meir utfordrande. 


OPPDATERT – PÅMELDING til Nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. desember 2020

Torsdag 31.desember klokka 16:00 blir det nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Kristin Strand  medan Ronny Kjøsen er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet, Vipps 506908. Nye smittevernreglar gjer at det likevel må vere påmelding til nyttårskveldsgudstenesta, slik det var på julekveldsgudstenesta. 


Vinnaren er……..

Mari B. Redalen Sundag 27. desember 2020

På dette bilete ser du vinnaren av Romjulsquizen, trykk vidare for meir :


Romjulsmarsjen engasjerte mange til rundtur rundt bygda – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 27. desember 2020

Etter fleire dagar med mykje god mat og lite fysisk aktivitet er det godt å kome seg ut i frisk luft og kanskje få litt trim.  I år er det nok mange som også føler behov for å ha litt sosial kontakt med andre enn berre de «indre krets» i familien.  Romjulsmarsjen er det einaste arrangementet i Todalen denne jula, men også den er litt amputert og tilpassa pålagt smittevern etter beste evne.


Quiz romjulsmarsj

Mari B. Redalen Sundag 27. desember 2020

Her har vi fått informasjon fra trimgruppa om dagens quiz under romjulsmarsjen.


Stikk-Ut ski på Tjønnmmyran

Mari B. Redalen Laurdag 26. desember 2020

Stikk-Ut ski på Tjønnmyran er no åpna. Ikveld ble koden limt på postskassen ved enden av lysløypa og alt er klart for å registrere sine skiturar for dei som ynskjer det. Foreløpig er Tjønnmyran den første ski posten som er åpna i kommunen. Representant fra trimgruppa som var oppe på anlegget no i kveld kan rapportere om nydelege forhold i skiløypa. Så her er det bare å kaste seg rundt og ta på skia.


Alternativ juletrefest på Nordvik

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. desember 2020

2. juledag har tradisjonelt vært dagen for juletrefest i Forsamlingshuset på Nordvik.  Koronasituasjonen og gode råd frå smittevernet i Surnadal kommune gjorde at det ble alternativ juletrefest i år, der et kreativt styre i grendalaget trødde til med rebusløp i stedet.  Fra Hanne Waag har vi fått både bilder frå arrangementent og løsning på koden til gavesekken…


3 juledag: Velkommen på Romjulsmarsj

Mari B. Redalen Laurdag 26. desember 2020

3. juledag frå 12-15 arrangerer trimgruppa i Todalen i.l marsj rundt bygda. Då dei fleste arrangement har vorte avlyst pga Covid 19 og smittevernstiltak i 2020, er det ekstra hyggeleg å arrangera romjulsmarsj iår sier trimgruppa. Sjølvasagt vil det bli teke smittevernstiltak òg her, med bla ingen servering.


Side 1 av 612345...Siste »