Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

– og takk for det gamle!

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. desember 2020

No når vi står i ferd med å ta i bruk eit nytt år, står det berre att å takke for det gamle. 2020 har vore eit spesielt år på mange måtar, men det som har prega året mest er nok koronaviruset.  Koronaviruser er nok det som har prega Todalen.no mest også, for det skapt saker som lesarane har har hatt stor interesse for  – men det har også sett ein stoppar for mange arrangement som har vorte avlyst.  Dermed har det nok påvirka talet på saker som er lagt ut på nettsida.

Nok ein gong har vi i Todalen.no auka lesartalet.  I 2020 er det totale besøkstalet auka med rundt rekna 3,8% og nærmar seg ein halv million med stormskritt.  Unike brukarar som har vore innom sida i løpet av året nærmars seg på same måte hundre tusen.   Redaksjonen i Todalen.no har produsert knappe tusen saker i 2020 – det er altså ein liten nedgang samanlikna med fjoråret.  Årsake er nok som nemnt ovanfor at mange arrangement er avlyst. Mest leste saka i 2020 er  reportasjen frå den dramatiske gardsbrannen på Talgø Gard. 

I skrivende stund går våre tankar til dei som er råka av den store rasulykka på Gjerdrum. Vi veit enno ikkje statusen for denne hendinga men vi veit at eit tusental er råka på ein eller anna måte. På det lokale plan vil vi oppfordre til å handtere og bruke fyrverkeri på ein ansvarsfull måte både med tanke på brannfare og med tanke på den frykt det skaper for hundar og andre dyr.

Vi i redaksjonen vil takke for gammelåret og ønske alle våre lesere eit godt nytt år!

Bjørn Gunnar, Jon Olav, Dordi Jorunn, Mari, Guro og Stig

 

Publisert: 31. desember 2020, 17:00