Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2020

Vi fann 88 artiklar i dette arkivet.

Side 3 av 812345...Siste »

Takk til dei frivillige!

Stig Husby Sundag 23. august 2020

Det vart eit flott arrangement på Kårvatn i går, da Kårvatn Skyrun vart arrangert for andre gong.  Frå arrangøren, Trollheimen fjellsportsklubb, har vi fått bilder og oppfordring om å takke alle dei frivillige som var i sving både i går og dagane før arrangementet. Gudmund Kårvatn berømmer de frivillige hjelparane, som har gjort ein kjempeinnsats […]


Kløvertur til Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. august 2020

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 24. august til Tjønnmyran. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Søya/Todalen G12 – Eidsvåg G12

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. august 2020

Laurdag var det duka for seriekamp mellom Søya/Todalen G12 og Eidsvåg G12. Kampen markerte avslutninga på I.L. Søya sin aktivitetsdag som vart arrangert mellom kl. 11 og 14 i staden for årets Søya Cup, som måtte avlysast på grunn av Koronasituasjonen. Eidsvåg vann kampen til slutt med god margin. Søya/Todalen sin målscorar var Marius Kvande.  


Aktivitetsdag på Søyabanen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. august 2020

Som så mange arrangement i desse Koronatider måtte og årets utgåve av Søya Cup avlysast. Som eit lite «plaster på såret» valde fotballgruppa i I.L. Søya å arrangere ein aktivitetsdag for spelarar og foreldre. Det var open kiosk og sal av grillmat forutan mange ulike aktivitetar. Så her var det noko for ein kvar smak, og vêrgudane varta opp med fint aktivitetsvêr. Nedanfor ser du bilete frå dei ulike aktivitetane det var mogleg å vere med på i løpet av dagen. 


Heimesiger i Kårvatn Skyrun

Stig Husby Laurdag 22. august 2020

Kristoffer Nordvik frå Todalen IL held tempo oppe dei 43 km frå Kårvatn – Storfjellet – Grinaren – Slanglifjellet – Tovatnet – Gammelseterfjellet – Neådalen – Kvennjulfjellet – Dalalia via Nauståfossen – Kårvatn, og tok sigeren med tida 5 timar og 40 minutt. På andreplass, med tida 6 timar og 28 minutt, kom Robert Sørlie. Og […]


Kårvatn Skyrun igang!

Stig Husby Laurdag 22. august 2020

Startskotet  for første gruppe gjekk kl 9.00 for fjelløpet Kårvatn Skyrun, og førstemann som passerte punktet på Storfjellet var Kristoffer Nordvik på 39 minutt. Halvor Drøpping er òg ein av dei lokale som ligg i tet opp fjellsidene.  OPPDATERT kl 12.01: Kristoffer Nordvik har òg som førstemann passerte Tovatna på tida 2t 40 min!   […]


Fellestur til Innerdalen

Dordi Jorunn Halle Fredag 21. august 2020

Lørdag 8. august satte 7 motiverte turdeltakere og en splitter ny turleder avmarsj for Innerdalen. Turen opp lia fra Todalen startet med fantastisk vær, men da vi kom opp på fjellet, kom tåken raskt og våre planer måtte revurderes


Kurs i legging av firkantskifer

Dordi Jorunn Halle Fredag 21. august 2020

I samband med restaurering av Kleiva i Surnadal inviterer vi til 2-dagars kurs i legging av firkantskifer. Kurset blir halde 25. – 26.august, frå kl. 08.00 -16.00 begge dagar.


Todalen skule blir lagt ned frå hausten 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. august 2020

Det 100.skuleåret ved Todalen skule, som starta sist måndag, ser ut til å bli det siste ved skulen. I ei orienteringssak til Formannskapet, Hovudutval for Oppvekst og seinare i haust til Kommunestyret orienterer kommunalsjef oppvekst Astrid Mogstad Høivik og kommunedirektør Knut Haugen om at elevtalsutviklinga ved Todalen skule tilseier at skulen frå hausten 2021 blir slått saman med Stangvik skule på Evenshaugen. Bakgrunnen for orienteringssaka er Surnadal Kommunestyre sitt samrøystes vedtak den 13.12.2018 der det heiter:


Tur til Mogstadsetra

Dordi Jorunn Halle Torsdag 20. august 2020

Tirsdag 25.8. går Fjellgruppa til Mogstadsetra. Vi parkerer ved Nistua på Mogstad etter anvisning, og går etter skogsvegen opp til setra.


Friidrett på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. august 2020

I kveld var det friidrett på Bordholmen i finveret. 8 ungar hadde teke turen for å konkurrere med seg sjølv i 5 øvingar.


Stavgang til Ranessetra

Tekst og foto: Bitten Ranes Torsdag 20. august 2020

Ranessetra er fast turmål hver  høst – alle som har vært der vet hvorfor.  Å komme dit, bare sitte. Det skjer noe med deg. Skuldrene kjennes lave. Hodet lett. 
Fred er ordet. I dag ble det kanskje ikke så mye av akkurat det.


Side 3 av 812345...Siste »