Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takk til dei frivillige!

Stig Husby Sundag 23. august 2020
Det vart eit flott arrangement på Kårvatn i går, da Kårvatn Skyrun vart arrangert for andre gong. 

Frå arrangøren, Trollheimen fjellsportsklubb, har vi fått bilder og oppfordring om å takke alle dei frivillige som var i sving både i går og dagane før arrangementet.

Gudmund Kårvatn berømmer de frivillige hjelparane, som har gjort ein kjempeinnsats for å få arrangemnetet vel i hamn.

Uten desse hadde det ikkje vore noko Kårvatn Skyrun, seier Gudmund.

Dei har utført oppgåver på Kårvatn og ikkje minst ute i løypa, og da betyr det langt til fjells, fortel Gudmund.

Ein stor takk til alle som deltok, og til løypevaktene som kom ned til Kårvatn i går kveld. Gudmund har sendt oss bilete av nokre av dei.
   
 
Alle foto: Gudmund Kårvatn.
Publisert: 23. august 2020, 13:00