Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heimesiger i Kårvatn Skyrun

Stig Husby Laurdag 22. august 2020

Kristoffer Nordvik frå Todalen IL held tempo oppe dei 43 km frå Kårvatn – Storfjellet – Grinaren – Slanglifjellet – Tovatnet – Gammelseterfjellet – Neådalen – Kvennjulfjellet – Dalalia via Nauståfossen – Kårvatn, og tok sigeren med tida 5 timar og 40 minutt. På andreplass, med tida 6 timar og 28 minutt, kom Robert Sørlie. Og med to minutt ekstra brukt tid finn vi Håkon Ishoel på tredjeplassen. 

Pallen herre 43 km

Pallen herre 43 km. Foto: Gudmund Kårvatn

Pallen dame 43 km: Ingeborg Treu Røe, Martine Frekhaug og Kristine Nes. Foto: Gudmund Kårvatn

I klassa som «berre» tok dei 29 km frå Kårvatn – Storfjellet – Grinaren – Slanglifjellet – Tovatnet – Gammelseterdalen – Kårvatn var det Ola Hovdenakk frå Romsdal Randoneeklubb som hadde beste tida av alle med 3 timar og 11 minutt, med på Eirik Solem med nest beste tid og Erik Kårvatn med tredje beste tida.

3 beste tider 29 km.

3 beste tider 29 km. Foto: Gudmund Kårvatn

Topp tre junior 29 km: Erik Kårvatn, Tor Erling Aasprang og Eivind Næve. Foto: Gudmund Kårvatn

Pallen dame 29 km: Berit Mogstad (ikkje på bildet), Guro Strøm Solli og Marit Aasen. Foto: Gudmund Kårvatn

 

Alle resultat frå dei to løpa finn du på denne nettsida. 

3D profilkart over området med løypene merka inn. Gult er Storfjellet Opp, Blått er 29 km og rødt er 43 km løypa.

Foto Kårvatn: Stig Husby. På post: Mari B. Redalen og Andreas Brønbo.


Vil lese meir om dei ulike løypene? Sjekk utt heimesida til Kårvatn Skyrun her!

I 2019 vart det òg laga ein film frå løpet som gir deg litt av kjensla av korleis det er å vere deltakar. Klikk på lenka her får å sjå filmen!  

Publisert: 22. august 2020, 14:46