Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2020

Vi fann 110 artiklar i dette arkivet.


OBS! Søya og Todalen skytterlag endrar skyteplana frå neste veke

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. juni 2020

Grunna låg deltaking vil skyttarlaget endre skyteplana for skyteprøven frå kvar måndagskveld til annakvar frå og med denne veka.  Dermed blir det skyting på følgjande datoar utover sommaren og hausten: 13. juli, – 27. juli, – 10. august, og 24. august. Tidspunkt er som før frå kl 18.00 – 20.00. Dette er altså datoar som gjeld i år for skyting i Ranheimsvingen. 


Triveleg å gå tur i lag!

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. juni 2020

Kløverturen tek no sommarferie nokre veker framover. Men det er kjekt å gå tur i lag, og i sommar ligg det ikkje til rette for så lange ferieturar. Derfor vart gjengen i dag einige om at den som har lyst, tid og anledning kan møte på Hals måndagane framover for heilt uformelt å gå tur i lag!


Grendelaget fortsett fokuset på bulyst og trivselstiltak

Elinor Bolme Måndag 29. juni 2020

Da har også Todalen Grendalag fått gjennomført sitt årsmøte etter koronaens inntog, tre månader på etterskudd. Trass eit noko labert oppmøte, kunne likevel styret presentere ei velfylt årsmelding og eit greit resultat for 2019.


Skyttarlaget igang med skyteprøve i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Måndag 29. juni 2020

Søya og Todalen skytterlag er god i gang med skyteprøven for storviltjakta.  Litt spesielt er det i år at du på grunn av coronasituasjonen så slepp du å ta skyteprøve – dersom du tok prøven i fjor.  Men dei som ikkje har skyteprøve frå i fjor, men har planer om storviltjakt i år – da må du ta skyteprøve for å være kvalifisert til jakt.  I kveld (måndagg 29. juni) er det skyting mellom 18 og 20. 


Innspurt på tømmerdrifta i Lauvålia

Jon Olav Ørsal Måndag 29. juni 2020

Det var hektisk for gjengen frå Sollid Skog som er i full aktivitet med skogsdrift i Lauvålia ovafor Husby.  Vi tok ein tur oppi hogstfeltet måndag, og da var det moderat temperatur på knappe 20 varmegrader, men vi lurte på korleis det var å drive med skogsdrift når det var over 30 varmesgrader i skuggen.  – Men det var ikkje noko problem, for alle maskinene er utstyrt med klimaanlegg, og da bestemmer du temperaturen sjølv. 


Dordi Jorunn Halle Måndag 29. juni 2020

Todalen grendalag minner om årsmøtet i kveld, 29. juni kl. 19:00.


Koking av vatnet

Guro Redalen Sundag 28. juni 2020

Husby og Halle vassverk melder om at abonnentane må koke vatnet måndag 29. juni. Dette gjeld for heile måndagen, og skuldast straumbrotet 28. juni og 29. juni.  


Siste bildearkiv med seterliv fra Todalen historielag

Ingri og Ragnhild i scannerpatruljen Sundag 28. juni 2020

Koronatida har vore spesiell for oss alle, fleire ting vart sett på vent, det var lite arrangement rundt i bygda og lite å skriva om som  for eksempel på todalen.no. Dei spurde difor skannargruppa om vi ville leggje ut bilete. Vi landa på ein rundtur i marka og fjellet, seterbileta vi allereie hadde i arkivet.


Siste kløverturen før ferien

Dordi Jorunn Halle Sundag 28. juni 2020

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 29. juni i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Halsetreff i Todalen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 27. juni 2020

Laurdag 27. juni var 22 etterkommarar av Johanne og Kristian Halse på todalstur; det var eit «utvida søskenbarntreff». I Todalen var første stopp Halsesamlinga og Gammelskulen. Etterpå skulle dei oppsøke Halsbua i håp om å få eit glimt av «Handelsmann Nordvik», og så sjå seg rundt i bygda og ta ein tur opp til Kårvatn.


Sommarnatt på Bjøråskaret

Tekst og foto: Harald Egil Folden Laurdag 27. juni 2020

Harald Egil Folden gjekk frå Innerdalsmerket til Bjøråskaret 25.-26. juni og har lagt ut opplevinga på eiga heimeside, noko han gjerne òg vil dele med lesarane av todalen.no.   Så klikk her på denne lenka for å lese meir og sjå flotte foto frå turen! 


Svorka varslar straumutkopling søndag

Guro Redalen Laurdag 27. juni 2020

Grunna naudsynt arbeid på straumnettet blir det ei utkopling av straumen i området Ranes – Stangvik -Todalen søndag 28. juni frå kl. 22.oo til måndag 29. juni kl 06.00.